Eurovision Song Contest 1972

Eurovision Song Contest 1972 var den 17. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Eurovision Song Contest 1972
Offisiell tittel
17. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 25. mars 1972
Vertskap
Stad
Usher Hall i Edinburgh i Storbritannia
Programleiar(ar)
Moira Shearer
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
18
Kart
ESC 1972 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga██ Land som ikkje deltok i tevlinga
Røysting
Vinnar
Luxembourg med «Après toi» av Vicky Leandros
Eurovision Song Contest
Dublin 1971 Luxembourg by 1973

Det var 18 land som deltok, og vinnaren blei Luxembourg med låten «Après toi», framført av Vicky Leandros. Noreg blei for fyrste gong representert av ein duo: Grethe Kausland og Benny Borg. Dei song «Småting» og blei nummer 14 av 18.

Tevlinga blei arrangert laurdag 25. mars 1972 i Usher Hall i Edinburgh i Storbritannia. Eigentleg skulle Monaco ha stått vertskap etter å ha vunne året før, men den monegaskiske kringkastaren hadde verken økonomi eller kapasitet til å arrangere finalen. Dimed trådde BBC inn som vert, slik kringkastaren også hadde gjort i 1960 og 1963. Dette var fjerde gongen Storbritannia arrangerte finalen, og programleiaren var Moira Shearer.

Bakgrunn endre

I 1971 vann Monaco med «Un banc, un arbre, une rue», og dimed var det Monaco som skulle arrangere Eurovision Song Contest 1972. Etter sigeren ønskte den monegaskiske kringkastaren TMC å arrangere 1972-tevlinga på ein friluftsarena i juni. Kanalen prøvde også å framskunde ferdigstillinga av ein ny innandørsarena i Monaco, utan å lukkast.[1]

TMC søkte støtte frå den franske ålmennkringkastaren ORTF, men dei to kringkastarane blei ikkje einige om tevlinga skulle haldast i Monaco eller Frankrike. Til slutt trådde Den europeiske kringkastingsunion inn og tilbaud arrangementet til Spania og Tyskland som blei nummer to og tre i 1971, men begge takka nei.[1] Til slutt fekk EBU overtalt BBC til å arrangere finalen i 1972, og dette var tredje gongen BBC trådde inn som reserve-vert.[2] Monaco er det einaste landet i Eurovision Song Contest som har vunne, men som ikkje har arrangert ein finale.

Sendinga endre

 
Usher Hall har kapasitet til opptil 2200 publikummarar.[3]

BBC la for fyrste gong finalen utanfor London, til Edinburgh i Skottland. Det er også einaste gongen BBC har arrangert tevlinga utanfor England. Finalen blei arrangert i konsertarenaen Usher Hall, med Moira Shearer som programleiar. Atten land – dei same som året før – stilte i tevlinga, og startrekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking. På same måte som tidlegare blei programmet kringkasta til mange land som ikkje deltok, blant anna fleire austeuropeiske land, Brasil og fleire asiatiske land.[4] Sendinga hadde eit potensielt publikum på 400 millionar sjåarar. Sendinga varte i 1 time og 45 minuttar.[5]

Røystesystemet var det same som året før. Kvart deltakarland hadde to lekdommarar på plass i Edinburgh, og kvar av dommarane bedømde songane frå de andre landa med poeng frå 1 til 5. Dei 36 dommarane høyrde og bedømde bidraga frå storsalen i Edinburgh Castle.

Etter ein kort presentasjonvideo om Edinburgh ønskte programleiar Moira Shearer velkommen på engelsk og fransk, før Tyskland gjekk på scena som fyrste land. For fyrste gong i historia til Eurovision Song Contest blei det brukt ein videovegg som viste bilete av artistane, namn og songtitlar.[4] Pausenummeret før avrøystinga var ein kortfilm frå Edinburgh Military Tattoo, filma fire år tidlegare.[1]

Irland deltok for fyrste, og hittil einaste, gong med eit bidrag på irsk. Den store favoritten dette året var vertsnasjonen som stilte med den populære popgruppa The New Seekers og låten «Beg, Steal or Borrow». Noreg var det sjette bidraget på scena, rett etter Storbritannia. Nest siste land ut var Luxembourg med Vicky Leandros og «Après toi». Leandros hadde også delteke for Luxembourg fem år tidlegare og gjort kommersiell suksess med «L'amour est bleu». I 1967 blei ho nummer fire, men denne gongen gjekk ho heilt til topps – framfor Storbritannia som fekk sin åttande andreplass i tevlinga. Yves Desca, som hadde skrive vinnarsongen, skreiv også teksten til «Un banc, un arbre, une rue», som vann året før. Han blei dimed den fyrste som vann tevlinga to gongar, den fyrste som vann for to ulike land, og den fyrste som vann to år på rad.[4]

Vinnarlåten «Après toi» blei ein stor hit i heile Europa etter finalen. Den engelske versjonen låg 16 veker på den britiske singellista med ein andreplass som høgaste notering. Han nådde også toppen i Nederland, Sveits og Belgia. Men i Noreg blei andreplassen «Beg, Steal or Borrow» ein enda større hit. Det britiske bidraget toppa VG-lista åtte veker på rad, mens «Après toi» låg på andreplass på lista.[6][7][8] Også fjerdeplassen, nederlandske «Als het om de liefde gaat», blei ein stor hit i Noreg. Grethe Kausland spela han inn under tittelen «Sommeren er her»[9], mens Stein Ingebrigtsen og Inger Lise Rypdal spelte han inn i nytt arrangement under tittelen «Hva har vel du».[10]

Finland, Sverige og Noreg blei høvesvis nummer 12, 13 og 14. Vinnaren frå året før, Monaco, blei nummer 16, mens Malta kom på sisteplass for andre år på rad.[4]

Det norske bidraget endre

 
Sandra og Andres fekk ein stor hit med «Als het om de liefde gaat».

For fyrste gong representerte ein duo Noreg i Eurovision Song Contest. Grethe Kausland og Benny Borg vann den norske finalen med «Småting», skriven av Kåre Grøttum og Ivar Børsum. Benny Borg er svensk og dette var også fyrste gongen Noreg blei representert av ein utanlandsk artist. Med til Edinburgh var Carsten Klouman for fyrste gong med som norsk dirigent. Roald Øyen kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK Radio, og dei to norske jurymedlemmane var Sonja Abusdahl og Rachel Nord.

«Småting» fekk til saman 73 poeng frå dei internasjonale dommarane og blei nummer 14 av 18 bidrag. Dette var likevel betre enn dei to føregåande plasseringane til Noreg: sisteplass i 1969 og nest sisteplass i 1971.

Avrøystinga endre

EBU brukte det same røystesystemet som året før. Kvart deltakarland stilte med to dommarar som var på plass i Edinburgh. Den eine dommaren måtte vere under 25 år, og den andre måtte vere over 25 år. I tillegg måtte det vere minst ti år mellom dei to dommarane. Kvar dommer bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Kvart land gav dimed mellom 2 til 10 poeng til kvart av dei andre landa. Eit land kunne dimed få minimum 34 poeng, og maksimalt 170 poeng. Clifford Brown var EBU sin overoppsynsmann for avrøystinga.[5]

Under avrøystinga røysta tre og tre land om gongen, direkte frå storsalen i Edinburgh Castle. Kvar jurymedlem gav poenga sine for open skjerm ved å vippe opp små tavler påført den respektive poengsummen. Poenga for dei seks dommarane frå tre land blei deretter summert og plotta inn i den elektroniske poengtavla.

Luxembourg tok leiinga frå start, med Nederland og Storbritannia like bak. Luxembourg og Nederland heldt følgje eit stykke uti avrøystinga, men så begynte Luxembourg å dra ifrå. På slutten av avrøystinga gjekk også Storbritannia og Tyskland forbi Nederland.[1]

Til slutt vann Luxembourg med 128 poeng, 14 poeng føre Storbritannia på andreplass. Dette var den tredje sigeren til Luxembourg i tevlinga, og den åttande andreplassen til Storbritannia. Dei norske dommarane gav 8 poeng til Luxembourg og full pott til Storbritannia.

Deltakarar endre

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[11] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen fins i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk[12] Plass Poeng
01   Tyskland Mary Roos «Nur die Liebe läßt uns leben» Tysk 3 107
02   Frankrike Betty Mars «Comé-comédie» Fransk 11 81
03   Irland Sandie Jones «Ceol an Ghrá» Irsk 15 72
04   Spania Jaime Morey «Amanece» Spansk 10 83
05   Storbritannia The New Seekers[13] «Beg, Steal or Borrow» Engelsk 2 114
06   Noreg Grethe Kausland og Benny Borg «Småting» Norsk 14 73
07   Portugal Carlos Mendes «A festa da vida» Portugisisk 7 90
08   Sveits Véronique Müller «C'est la chanson de mon amour» Fransk 8 88
09   Malta Helen og Joseph «L-imħabba» Maltesisk 18 48
10   Finland Päivi Paunu og Kim Floor «Muistathan» Finsk 12 78
11   Austerrike Milestones «Falter im Wind» Tysk 5 100
12   Italia Nicola di Bari «I giorni dell'arcobaleno» Italiensk 6 92
13   Jugoslavia Tereza Kesovija «Muzika i ti» Serbokroatisk 9 87
14   Sverige Family Four «Härliga sommardag» Svensk 13 75
15   Monaco Anne-Marie Godart og Peter MacLane «Comme on s'aime» Fransk 16 65
16   Belgia Serge og Christine Ghisoland «À la folie ou pas du tout» Fransk 17 55
17   Luxembourg Vicky Leandros «Après toi» Fransk 1 128
18   Nederland Sandra og Andres «Als het om de liefde gaat» Nederlandsk 4 106

Artistar som har delteke tidlegare endre

Artist Land Deltok i Merkandar
Tereza Kesovija   Jugoslavia 1966 Deltok for Monaco
Vicky Leandros   Luxembourg 1967
Carlos Mendes   Portugal 1968
Family Four   Sverige 1971

Poengtavle endre

Tavla er ordna etter stemmerekkefølgja i finalen.[14]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
                                   
  Tyskland 8 6 9 5 6 6 5 4 5 5 7 5 8 8 7 7 6 107 3
  Frankrike 5 5 2 9 7 2 3 5 4 2 3 5 2 6 7 8 6 81 11
  Irland 4 3 4 4 6 4 3 6 3 4 3 3 5 5 4 6 5 72 15
  Spania 7 5 5   3 8 6 3 4 4 5 3 2 7 8 3 5 5 83 10
  Storbritannia 8 9 6 2   10 4 8 2 7 7 7 9 6 9 4 8 8 114 2
  Noreg 4 3 6 5 4   5 2 5 7 3 2 5 4 4 4 6 4 73 14
  Portugal 3 4 7 7 4 2   6 5 2 4 9 4 7 4 7 10 5 90 7
  Sveits 4 5 6 5 4 7 2   4 7 8 5 5 4 6 4 7 5 88 8
  Malta 3 2 4 2 6 2 2 2   5 2 2 2 3 3 2 2 4 48 18
  Finland 4 3 3 6 5 6 4 3 3   3 3 4 4 5 8 6 8 78 12
  Austerrike 6 6 6 6 3 5 5 7 5 4   6 8 10 5 4 5 9 100 5
  Italia 4 5 3 2 3 6 7 9 6 6 6   4 8 6 6 6 5 92 6
  Jugoslavia 7 4 5 8 5 4 5 2 4 3 3 2   4 9 8 8 6 87 9
  Sverige 5 3 5 3 3 5 4 2 4 5 4 3 7   5 7 5 5 75 13
  Monaco 4 3 4 3 5 6 2 2 5 5 3 3 4 3   4 4 5 65 16
  Belgia 2 3 4 2 5 2 3 3 5 4 2 3 2 2 4   6 3 55 17
  Luxembourg 9 8 9 2 10 8 7 6 4 6 8 9 10 8 7 8 9 128 1
  Nederland 6 6 8 8 9 8 5 6 3 9 6 3 9 6 5 2 7 106 4

Toppoeng endre

Kvart land kunne gje inntil 10 poeng til kvart bidrag. Under er ei oversikt over alle 10-poengarar som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland Land som gav 10 poeng:
2   Luxembourg Storbritannia, Jugoslavia
1   Østerrike Sverige
  Portugal Luxembourg
  Storbritannia Noreg

Kommentatorar, dirigentar og jurymedlemmar endre

28 land kringkasta finalen. For fyrste gang blei Eurovision Song Contest direkteoverført til asiatiske land som JapanTaiwanThailand, Filippinane og HongkongBrasil og Hellas sendte også tevlinga, mens Israel og Island sendte tevlinga i opptak nokre dagar etter.[4] Kvart deltakarland hadde eigne dirigentar samt kommentatorar som formidla informasjon, fargar og hendingar direkte til sjåarane hjemme. Roald Øyen kommenterte finalen direkte frå Edinburgh for NRK Fjernsynet og NRK Radio. Oversikt over kommentatorar, dirigentar og poengopplesarar under Eurovision Song Contest 1972:[15]

Land Kringkastar Kommentator Dommarar Dirigent[16]
  Tyskland ARD Hanns Verres (Deutsches Fernsehen) N/A Paul Kuhn
  Frankrike ORTF Pierre Tchernia (Première Chaîne de l'ORTF)[17] N/A Franck Pourcel
  Irland RTÉ Mike Murphy (RTÉ Television), Kevin Roche (Radio Éireann) N/A Colman Pearce
  Spania RTVE Julio Rico (TVE1) Emma Cohen (under 25)
Luis María Ansón (over 25)[18]
Augusto Algueró
  Storbritannia BBC  Tom Fleming (BBC1), Pete Murray (BBC Radio 1) Doreen Samuels (under 25)
Robert Bruce Walker (over 25)[19]
David Mackay
  Noreg NRK Roald Øyen (NRK Fjernsynet og NRK Radio) Rachel Nord (under 25)
Signe Abusdahl (over 25)
Carsten Klouman
  Portugal RTP Henrique Mendes (I Programa) Pedro Sousa Macedo (under 25)
Maria João Aguiar (over 25)[20]
Richard Hill
  Sveits TV DRS, TSR og TSI Theodor Haller (TV DRS), Georges Hardy (TSR),
Giovanni Bertini (TSI)
N/A Jean-Pierre Festi
  Malta MTV Norman Hamilton (MTV)[21] Mary Rose Mallia (under 25)
Joe Zerafa (over 25)[22]
Charles Camilleri
  Finland Yle Heikki Seppälä (TV1) Merita Merikoski (under 25)
Åke Granholm (over 25)[23]
Ossi Runne
  Austerrike ORF Ernst Grissemann (FS2) N/A Erich Kleinschuster
  Italia Rai Renato Tagliani (Programma Nazionale) N/A Gianfranco Reverberi
  Jugoslavia JRT Milovan Ilić (Televizija Beograd), Oliver Mlakar
(Televizija Zagreb), Tomaž Terček (Televizija Ljubljana)
Vera Zlokovic (under 25)
Veljko Bakasun (over 25)[24]
Nikica Kalogjera
  Sverige Sveriges Radio Bo Billtén (TV1)[25] Titti Sjöblom (under 25)
Arne Domnérus (over 25)[25]
Mats Olsson
  Monaco Télé Monte-Carlo Pierre Tchernia (Télé Monte-Carlo) N/A Raymond Bernard
  Belgia BRT og RTB Arlette Vincent (RTB), Herman Verelst (BRT) N/A Francis Bay
  Luxembourg CLT Jacques Navadic (Télé-Luxembourg) N/A Henri Segers
  Nederland NOS Pim Jacobs (Nederland 1) Jennifer Baljet (under 25)
Cornelis Wagter (over 25)
Harry van Hoof

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gordon Roxburgh (25. mars 2014). «Seeking out more about the 1972 contest?». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. desember 2016. 
  2. O'Connor, John Kennedy (2005). The Eurovision Song Contest. 50 Years. The Official History. London: Carlton Books Limited. s. 47. ISBN 9781847325211. 
  3. «Usher Hall». Ents24 (på engelsk). Henta 26. juli 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Eurovision Song Contest Edinburgh 1972». eurovision.tv. 2017. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 26. juli 2017. 
  5. 5,0 5,1 «Eurovision Song Contest 1972 – full show». BBC/EBU via YouTube. 25. mars 1972. Henta 26. juli 2017. 
  6. «VG-lista for 'Après toi'». VG Nett. Henta 12. februar 2017. 
  7. «VG-lista for 'Beg, Steal or Borrow'». VG Nett. Henta 12. februar 2017. 
  8. Eivind M. Sætre (25. februar 2013). «Vicky Leandros – Après toi». GV-musikk.no. Arkivert frå originalen 13. februar 2017. 
  9. «Grethe Kausland - Sommeren Er Her / Vil Du Komme Om Jeg Ber Deg». Discogs (på engelsk). Henta 26. juli 2017. 
  10. «Inger Lise* & Stein*, Howards - Hva Har Vel Du / Et Lite Hus På Landet». Discogs (på engelsk). Henta 26. juli 2017. 
  11. «Final of Edinburgh 1972 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. september 2022. 
  12. «Eurovision Song Contest 1972». The Diggiloo Thrush. Henta 26. juli 2017. 
  13. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  14. «Eurovision Song Contest 1972 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 26. juli 2017. 
  15. «The Eurovision Song Contest (1972)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  16. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  17. Christian Masson. «1971 – Dublin». Songcontest.free.fr. Henta 10. august 2012. 
  18. Eurojaume dice: (15. februar 2008). «Eurovisión 1972 – Programa posterior al festival | AEV ESPAÑA». Aeveurovision.com. Arkivert frå originalen 16. mars 2012. Henta 10. august 2012. 
  19. «Eurovision 1972». Songs4europe.com. 25. mars 1972. Arkivert frå originalen 22. mars 2012. Henta 10. august 2012. 
  20. Vasco Hogan Teves, 1964–1983 20 anos de Festival RTP da Canção
  21. "Eurovision Song Contest 1972", Times of Malta, 25. mars 1972
  22. "Views and comments on the Eurovision Song Contest", Times of Malta, 29. mars 1972
  23. «Muistathan: Eurovision laulukilpailu 1972». Viisukuppila.fi. 9. januar 2012. Henta 10. august 2012. 
  24. Vladimir Pinzovski
  25. 25,0 25,1 Leif Thorsson. Melodifestivalen genom tiderna (2006), s. 94. Stockholm: Premium Publishing AB. ISBN 91-89136-29-2

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 1972