Ustedalsfekjo eller Ustedalsfekjadn er ei slette ovanfor garden Tufto i Ustedalen nordom Geilo. Staden er rekna som heimstad for ei rekkje lokale segner, og i same område har det vore vunne ut myrmalm. Namnet viser til at Fekjadn ligg attmed Ustedalsfjorden der Usta renn ned i fjorden.

Slaget på UstedalsfekjoEndra

Den vanlege segna er knytt til ei trefning mellom to kongar. Den eine er kalla Islands-kungjin i segnene, den andre har ikkje namn. Islands-kungjin er rekna som ein inntrengjar i segnene, og dei to hovdingane møttest på Ustedalsfekjo og heldt eit langt slag. Etter segna laut Islands-kungjin gje seg, og drog seg ned til garden Isungset. Her døydde han, fortel segna.

Segnene er ikkje historisk klåre, og informanten til nedskrifta sluttar slik:

Dæ ha vore moro å veta noko lite meir um kosslein dæ gjekk te, å kor dei komo ifrå, å ko mange dei vore og alt slikt, men d`æ ikji nokon sum veit dæ no, må veta, for dæ æ so mykji lengji sea. Ha dei visst dæ, dei so skrivo desse gamle bøkadn um alle kongadn å kjempudn, so ha dei vel sett dæ inn i, men dei kunna kje veta greie på alle ting, dei held, må veta. (Nedskriven av Ivar Aasen. Informant truleg Sander Røo).

Kjelde: Leiv Heggstad, Eventyr og segner på målføre.