Uvdal kyrkje
Uvdal kyrkje er ei langkyrkje frå 1893 i Nore og Uvdal kommune i Buskerud fylke. Ho avløyste Uvdal stavkyrkje, som var blitt for lita for kyrkjelyden og låg avsides.[1]
Uvdal kyrkje | |||
Uvdal kirke | |||
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Kongsberg | ||
Sokn | Uvdal | ||
Fellesråd | Nore og Uvdal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Henrik Bull | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 30. mai 1893[1] | ||
• Endringar | 1961–63 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Bilete frå 1939 | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1967 | ||
Sitjeplassar | 350 | ||
Uvdal kyrkje 60°16′10″N 8°45′11″E / 60.26944351°N 8.75305557°E | |||
Wikimedia Commons: Uvdal kirke |
Den nye Uvdal kyrkje blei teikna av arkitekten Henrik Bull. Ho blei plassert i botnen av dalen, nokre kilometer vest for den gamle stavkyrkja. Utforminga av kyrkja var inspirert av stavkyrkja, men ho var mykje større enn den gamle.[1]
Kyrkja gjekk gjennom repararasjonar og endringar i tida 1961—63 etter Henrik Nissen Biong sine planar.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Uvdal kirke - Norges Kirker», www.norgeskirker.no, henta 12. juni 2019
Litteratur
endre- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 531. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Sigrid Marie og Håkon Christie: Uvdal kirke i «Norges kirker»
- «Uvdal kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Uvdal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.