V-type-asteroidar eller vestoidar er asteroidar med like spektrum til 4 Vesta, den langt største asteroiden i klassen og som er opphavet til namnet.

Ein stor del av asteroidane har baneelement like til dei av Vesta, enten nære nok til å vera ein del av Vesta-familien, eller med like eksentrisitetar og inklinasjonar men med ein store halvakse mellom ca. 2,18 AE og Kirkwoodgapet ved 2,50 AE. Dette hintar til at dei fleste eller alle av dei har sitt opphav som bitar av Vesta si overflate, kanskje blåste av som følgje av eit einaste kjempekraftig nedslag ei viss tid i historia. Det enorme nedslagskrateret på Vestas sørlege halvkule er hovudkandidat for nedslagsplass.

V-typane er moderat-lyse og like på den meir vanlege S-typen, som består av stein-jernasteroidar og ordinære kondrittar. Den relativt sjeldne V-typen inneheld meir pyroksen enn S-typen.

Spekteret til V-typen har eit kraftig absorpsjonstrekk opp mot 0,75 μm , eit rundt 1 μm og er veldig raud ned mot 0,7 μm. I dei synlege bølgjelengdene er spektruma til V-typane, inkludert Vesta sjølv, like spektruma til basalte akondritt HED-meteorittar.

Ein J-type har blitt føreslått for asteroidar med eit særs kraftig 1 μm absorpsjonstrekk likt det av diogenittmeteorittar. Desse kjem sannsynlegvis frå djupare delar av Vestas jordskorpe.

Fordeling endre

Dei aller fleste av V-type-asteroidane er medlemmar av Vesta-familien i lag med Vesta sjølv. Det er nokre marskryssarar som 9969 Braille, og nokre nærjordsobjekt som 3908 Nyx.

Det er også ei spreidd gruppe av objekt i nærleiken av Vesta-familien, men som ikkje er ein del av den. Desse inkluderer: