Vadzim Dzevjatoŭski

Vadzim Dzevjatoŭski, eller Vadim Devjatovskij (fødd 20. mars 1977), er ein kviterussisk tidlegare sleggjekastar frå Novopolotsk som tok VM-sølv 2005, OL-bronse 2004 og EM-bronse.

Vadzim Dzevjatoŭski


Statsborgarskap Belarus
Fødd 20. mars 1977 (47 år)
Navapolatsk
Idrett friidrett, sleggjekast
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Etter å ha vorte nummer fire i sleggjekasting ved Sommar-OL 2004, tok Dzevjatoŭski sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i Helsinki året etter. I EM 2006 hamna Dzevjatoŭski på bronseplassen, 8 cm bakom sølvvinnar Olli-Pekka Karjalainen frå Finland. Vinnaren i Helsinki og under EM 2006, landsmannen Ivan Tsikhan, fekk elles annullert begge resultata etter at dopingprøvene frå 2004 vart testa på ny i 2012. Ved verdsmeisterskapen i Osaka i 2007 enda Dzevjatoŭski på fjerdeplassen, fattige 3 cm unna bronsen.

Under dei olympiske sommarleikane i Beijing vart kviterussarane Dzevjatoŭski og Tsikhan nummer 2 og nummer 3 i sleggjetevlinga. Etter leikane vart begge frådømde medaljane, men etter ein rettsprosess i 2010 tilkjende medaljane, grunngjeve med slurv i prøvetakinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre