Opna hovudmenyen

Olaug Nilssen (fødd 28. desember 1977)[1] er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa.

Olaug Nilssen
Olaug Nilssen.jpg
Fødd 28. desember 1977 (41 år)
Førde
Yrke skribent, forfattar
Periode 1998-

Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen[2], der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og var, saman med Gunnhild Øyehaug, redaktør for det no nedlagde litterære tidsskriftet Kraftsentrum.[3] Ho var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 2008 til 2010.[2][3]

Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. Forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor.

Nilssen var festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela i 2006.[4][5]

Få meg på, for faen vart filmatisert i 2011.[5]

Tung tids tale er dramatisert av Riksteatret i samarbeid med Det Norsk Teatret og Kilden Teater og Konserthus.

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 2002 – Vi har så korte armar : tilstandsrapportar (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-5824-2

I bøker - eit utvalEndra

  • 2003 – Signaler 2003 (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-22333-4  [Av innhaldet: Heimreiser / Olaug Nilssen, s. 111-119]
  • 2004 – Nesten! (Oslo: Aschehoug) . ISBN 82-03-24546-3  [Av innhaldet: Nesten kastar ingen mann av hesten / Olaug Nilssen, s. 303-311]
  • 2004 – Norsk litterær årbok. 2004 (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-6360-2  [Av innhaldet: Romanåret 2003 : dei fem beste bøkene eg las i 2003 / Olaug Nilssen]
  • 2005 – 100 års ensomhet : 15 norske skjønnlitterære forfattere om Grunnloven (Oslo: Cappelen) . ISBN 82-02-24847-7  [Av innhaldet: Dronning i landet Vi må for andre / Olaug Nilssen, s.41-49]
  • 2006 – Quiz for kvasse : 2007 spørsmål fra faktahelvetet (Oslo: Spartacus) . ISBN 82-430-0382-7  [Av innhaldet: Olaug Nilssens litterære heltinner / Olaug Nilssen, s. 313-318]
  • 2006 – Rosa prosa : om jenter og kåthet (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-35357-3  [Av innhaldet: Artur og Alma / Olaug Nilssen]
  • 2007 – Tilbake til 90-tallet (Oslo: NRK) . ISBN 978-82-8178-248-8  [Av innhaldet: Frisyre-triumfering sytten år på etterskot / Olaug Nilssen]

UtmerkingarEndra

KjelderEndra

  1. ««Olaug Nilssen (28.12.1977)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). 
  2. 2,0 2,1 ««Olaug Nilssen»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 8. mai 2017. 
  3. 3,0 3,1 ««Olaug Nilssen»». Store Norske Leksikon. Henta 21. august 2013. 
  4. ««Dei Nynorske Festspela 2006»». ballade.no. 21. juni 2006. Henta 21. august 2013. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Svein Olav B. Langåker (19. august 2011). «– Filmen flink til å drepa darlingsane mine». framtida.no. Henta 20. august 2013. 
  6. ««Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond»». Nettstaden til Bærum bibliotek. Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 20. august 2013. 
  7. Hjørdis Ånestad Tiltnes (18. august 2004). ««Rogaland dominerer Samlaget si liste»». aftenbladet.no. Henta 20. august 2013. 

BakgrunnsstoffEndra