Opna hovudmenyen

Vakhtang VI av Kartli

georgisk poet

Vakhtang VI, òg kjend som Vakhtang den lærde og Vakhtang lovgjevaren (15. september 167526. mars 1737), var ein georgisk monark frå det kongelege Bagrationi-dynastiet. Han herska over det austgeorgiske Kongedømet Kartli då kongedømet var ein vasall under Persia frå 1716 til 1724. Han var ein av dei viktigaste og mest merkverdige statsmennene i Georgia tidleg på 1700-talet og er kjend som ein dugande lovgjevar, lærd, kritikar, omsetjar og diktar. Regjeringa hans enda då osmanarane invaderte og tvang Vakhtang i eksil til Det russiske imperiet. Russland hadde ei stund att før dei nådde stordomen sin og Vakhtang fekk ikkje støtte hos tsaren for kongedømet sitt og i staden vart han verande i Russland resten av livet. På veg til eit diplomatisk oppdrag for tsarina Anna vart han sjuk og døydde i Sør-Russland i 1737, og nådde aldri fram til Georgia.

Vakhtang VI
Vakhtang VI of Kartli (Eastern Georgia).jpg
Portrett i kongeleg regalia tidleg på 1700-talet
Konge av Georgia (Kartli og Kakheti)
Regjeringstid1716–1724
Georgiskვახტანგ VI
Fødd15. september 1675
FødestadTbilisi
Død26. mars 1737 (61 år)
DødsstadGuvernatet Astrakhan i Det russiske imperiet
GravstadAstrakhan
FøregangarKaikhosro
EtterfølgjarIese
Gift medRusudan of Circassia
DynastiBagration
FarLevan of Kartli
BornBakar of Georgia, Tamar II of Kartli, Vakhushti of Kartli, George, son of Vakhtang VI of Kartli, Princess Ana of Kartli, Princess Tuta of Kartli, Prince Paata of Kartli

FamilieEndra

Vakhtang gifta seg i Imereti, vest i Georgia, i 1696, med den tsjerkessiske prinsessa Rusudan (døydde i Moskva, 30. desember 1740). Dei var foreldre til:

  • Prins Bakar
  • Prins Georg
  • Prinsesse Tamar (1696–1746) som i 1712 gifta seg med prins Teimuraz, den framtidige kongen av Kakheti og Kartli
  • Prinsesse Anna (Anuka) (1698–1746), som i 1712 gifta seg med prins Vakhushti Abashidze

Vakhtang hadde òg fleire uekte barn, mellom andre

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Vakhtang VI av Kartli