Vaktlar er ei felles nemning for fleire biologiske slekter av mellomstore fuglar i fasanfamilien Phasianidae.

Vaktlar
Asiablåvaktel Coturnix chinensis Foto: André Karwath
Asiablåvaktel Coturnix chinensis
Foto: André Karwath
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Galliformes
Familie: Vaktlar Phasianidae

Vaktlar er små, tettbygde bakkelevande fuglar. Dei er frøetarar, men vil òg ta insekt og liknande små byttedyr. Dei hekkar på bakken og alle artar er i stand til korte, raske flygingar. Nokre artar som til dømes engvaktel og vaktel er trekkfuglar og flyg lange distansar. Somme artar blir haldne som fjørfe, eit døme er engvaktel som vert nytta til eggproduksjon. Arten vaktel har mellom anna leveområde i Noreg og står på Norsk Raudliste 2006 som nær trua.

Tannvaktlar, Odontophoridae, i «den nye verda» og springvaktlar, Turnicidae, i er ikkje nært i slekt med vaktlar, men kalla opp etter vaktlar på grunn av liknande utsjånad og oppførsel.

Nolevande vaktelartar

endre

Kjelder

endre