Hønsefuglar

orden av fuglar
(Omdirigert frå Galliformes)
Hønsefuglar
Brokadehane Gallus sonneratii
Brokadehane
Gallus sonneratii
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Dipnotetrapodomorpha
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Temminck, 1820

Hønsefuglar (Galliformes) er ein biologisk orden av omnhøns, hokkoar, kalkunar, tannvaktlar, fasanar og perlehøns. Fasanar inkluderer òg skogshøns. Det finst meir enn 280 nolevande artar.

Asiablåvaktel (Coturnix chinensis) er den minste nolevande hønsefuglen, han er ca. 12,5 centimeter lang og veg mellom 28 og 40 gram. Den største er den nordamerikanske villkalkunen (Meleagris gallopavo), som kan vege så mykje som 14 kilo og måle 120 centimeter. Smaragdpåfuglen kan vere hønsefuglarten med størst vengespenn.

Dei fleste slektene av Galliformes har artar med rund kroppsform, tjukt nebb og middels lange bein, og har avrunda og ganske korte venger. Ryper, frankolinar og andre hønsefuglar i fasanfamilien har typisk tjukkfallen silhuett. Om dei fleste artane er relativt veike flygarar, så finst det ingen nolevande hønsefuglar utan flygeevne. Den utdøydde, enorme omnhønsslekta Sylviornis var utan flygeevne og synast å ha mista evna på grunn av kroppsstorleiken.

Vaksne hannar av mange hønsefuglartar har ein eller fleire skarpe utvekstar på baksida av kvar fot som dei brukar i slostkampar. I mange slekter finst tydeleg kjønnsdimorfisme og innanfor kvar klade i denne ordenen har dei mest utvikla («mest avanserte») linjene tendens til kjønnsdimorfisme utvikla i størst grad.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Hønsefuglar