Vaktel (Coturnix coturnix) er ein svært liten medlem i fasanfamilien, Phasianidae. Han er hovudsakleg ein trekkfugl, hekkar i det vestlege Palearktis og overvintrar i Afrika og Sør-Asia. Dette er ein sterkt trekkfugl, i motsetnad til dei fleste skogshøns i same familien.

Vaktel
Læte frå ein vaktel, hannfugl
Læte frå ein vaktel, hannfugl
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring

██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Underfamilie: Perdicinae
Slekt: Coturnix
Art: Vaktel C. coturnix
Vitskapleg namn
Coturnix coturnix

Fuglen er liten, om lag 17 cm, og er vanskeleg å få auge på i feltet, både på grunn av den kamuflerande fargen i fjørdrakta hans, og fordi han gøymer seg i høgt gras.

Med det karakteristiske lætet av snøgge, trestavings ytringar, blir denne vaktelarten oftare høyrt enn sett. Han har lange venger samanlikna med andre hønsefuglar, og er ein trekkfugl. Han må ikkje forvekslast med engvaktel (Coturnix japonica), heimehøyrande i Asia. Dei to artane har lik fjørdrakt, men mykje ulikt læte. Begge artane blir somme stader røkta som fjørfe.

Skildring endre

Vaktel er ein liten, kompakt, bakkelevande fugl, kroppslengda er berre 16–18 cm. Med det er han kortare enn t.d. stare, men han har eit vidt vengespenn på 32–35 cm. Vekta er 70 til 155 gram.[2] Dei har størst kroppsmasse før trekket ved slutten av hekkesesongen. Hoa er generelt litt tyngre enn hannen. Dei er i hovudsak beige med vekslande mørkebrune og lyse langsgåande striper, oversida er langt mørkare enn undersida. Begge kjønn har ei kvit augestripe, og hannen syner eit lyst strupeområde med eit svart felt midt på strupen. Hoa har grått i strupeområdet. Som det sømer seg for artar med trekkande natur, har vaktelen lange venger, i motsetnad til typisk kortvenga skogshøns.

Hekkeområdet er i det meste av Europa, Nord-Afrika og austover gjennom Sentral-Asia til Mongolia. Området strekker seg sør til nordlegaste Pakistan, India og Nepal sør for Himalaya, og inn i Bhutan der vaktlar kan hekke i over 3000 moh. Det finst òg fleire isolerte område i Afrika sør for Sahara der han er hekkefugl. I sørlegaste Iberia, Nord-Afrika, det indiske subkontinentet og sørlegaste Afrika har plassar der vaktel lever året rundt. Trekkvanane er samansette og varierande frå år til år, men dei store overvintringsområda er Afrika sør for Sahara og det indiske subkontinentet.[2]

Dette er ein art som lever av frø og insekt på bakken. Vaktlar er notorisk vanskelege å oppdage, dei held seg skjult i vegetasjon, og er motviljuge til å flyge, føretrekker å krype unna i staden. Sjølv når han blir skremt opp, held han seg lågt og fell snart ned under skjul. Ofte er den einaste indikasjonen på nærværet den karakteristiske rytmiske trestavings bytt-byll-bytt-songen til hannen. Lætet blir ytra for det meste om morgonen, kvelden og nokre gongar om natta.

Hekkebiologien er kompleks, dei kan opptre som monogame, polygame eller bigame.[2] Hannane kjem vanlegvis hekkeområdet før hoene. I Nord-Europa byrjar hekking frå midten av mai, og med gjentatt hekking kan fortsetje til slutten av august. Hoa dannar ei grunn skrape i bakken som er tynt fôra med vegetasjon. Egga blir lagde med 24-timars mellomrom for å danne eit kull på mellom 8 og 13 egg. Desse har ein skittenkvit til kremgul bakgrunn med mørkebrune flekker eller klasar. Hoa byrjar ruginga etter at alle egga er lagt og rugar aleine. Egga blir klekte synkront etter 17–20 dagar. Kyllingane er sjølvstendige kort tid etter klekking, forlèt reiret og kan finne føde. Dei blir tatt vare på av hoa som rugar på dei medan dei er små. Kyllingane flyg når dei er rundt 19 dagar gamle, men blir i familiegruppa i 30–50 dagar. Oftast har paret eit kull i året, men somme kan ha eit tidleg kull i sør, før dei dreg lenger nord til neste hekking.

IUCN kategoriserer arten som globalt livskraftig (LC).

Vaktel i Noreg endre

Fuglen hekkar fåtalig i Noreg, men er lista i kategorien sårbar (VU) på den norske raudlista for artar. Populasjonen av hekkefuglar er estimert til mellom 50 og 250 individ, i tillegg trur ein det kjem fuglar til landet som ikkje hekkar. Bestanden varierer frå år til år.[3]

Utbreiinga i Noreg er konsentrert om Austlandet, spreidd langs agderkysten til Rogaland. Eit anna tyngdepunkt er Møre og Romsdal og Trøndelag. Observasjonar kan vere iblanda rømde fjørfe.[4]

Næraste hekkeområde er Sverige, i små mengd i Finland,[3]Shetland og han har òg hekka på Færøyane.[2]

Forholdet til menneske endre

Vaktel er mykje jakta som vilt på passasje gjennom middelhavsområdet. Svært store mengder blir fanga i garn langs middelhavskysten av Egypt. Det er anslått at i 2012, under hausttrekket, vart det fanga 3,4 millionar fuglar i Nord-Sinai og kanskje så mange som 12,9 millionar i heile Egypt.[5]

Denne arten har dei siste åra sett ein auke i utbreiinga i USA og Europa. Likevel er det meste av denne auken hos hobbyister. Det søkk i delar av utvalet sitt som Irland.

Bibelen, 4. Mosebok kapittel 11, har ei forteljing om ein enorm mengde vaktlar som vart blåsne av ein vind frå havet og vart tatt som kjøtt av israelittane i ørkenen.[6]

I 1537 utvikla dronning Jane Seymour, tredje kone til Henrik VIII av England, som då var gravid med den framtidige kongen Edvard VI av England, ein umetteleg trong til vaktel, og hoffmenn og diplomatar i utlandet vart beordra til å finne tilstrekkelege forsyningar til dronninga.

Forgifting endre

Viss vaktel har ete visse plantar, kan kjøttet frå vaktel vere giftig. Eit av fire menneske som et slikt kjøtt får symptom prega av muskelsår, og kan òg få nyresvikt. Det er framleis er uklårt kva plantar som valdar gift i vaktelkjøttet.[7][8][9]

Kjelder endre

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark vaktel Coturnix coturnix (Linnaeus, 1758) Henta 11. desember 2010
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 McGowan, P. J. K., G. M. Kirwan, E. de Juana, og P. F. D. Boesman (2020). Common Quail (Coturnix coturnix), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.comqua1.01
  3. 3,0 3,1 Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av vaktel Coturnix coturnix for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 11. desember 2021
  4. Øystein R. Størkensen, 1994, Artsomtale: Coturnix coturnix – vaktel, S. 150 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 11. desember 2021
  5. Eason, P.; Rabia, B.; Attum, O. (2016). «Hunting of migratory birds in North Sinai, Egypt». Bird Conservation International 26 (1): 39–51. doi:10.1017/S0959270915000180. 
  6. Bibelselskapet Bibelen, fjerde Mosebok, 11. nynorskutgåva 2011
  7. Korkmaz, İ.; Kukul Güven, F.M.; Eren, Ş.H.; Dogan, Z. (2011). «Quail consumption can be harmful». Journal of Emergency Medicine 41 (5): 499–502. PMID 18963719. doi:10.1016/j.jemermed.2008.03.045. 
  8. Tsironi, M.; Andriopoulos, P.; Xamodraka, E.; Deftereos, S.; Vassilopoulos, A.; Asimakopoulos, G.; Aessopos, A. (2004). «The patient with rhabdomyolysis: Have you considered quail poisoning?». CMAJ 171 (4): 325–326. PMC 509041. PMID 15313988. doi:10.1503/cmaj.1031256. 
  9. Ouzounellis, T. (1970). «Some notes on quail poisoning». JAMA 211 (7): 1186–7. PMID 4904256. doi:10.1001/jama.1970.03170070056017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vaktel