Valdres tingrett
Valdres tingrett er ein førsteinstansdomstol under Eidsivating lagdømme, og ligg på Fagernes i Oppland fylke. Domssoknet er identisk med distriktet Valdres, det vil seie kommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre. Domstolen består av sorenskrivar Pål Prestesæter og éin dommarfullmektig.
Historikk
endreValdres heradsrett blei skipa i 1786 ved deling av Hadeland, Land og Valdres heradsrett. Domstolen heldt til i Aurdal fram til 1979, då den flytta til rådhuset på Fagernes. I 2002 blei nemninga endra til Valdres tingrett.[1]
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Valdres tingrett» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2012.