Valdres vidaregåande skule
Valdres vidaregåande skule er ein offentleg vidaregåande skule som ligg på Leira i Nord-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Skulen dekkjer vidaregåande utdanning i Valdres, har om lag 460 elevar og tilbyr eit relativt breitt utval studieretningar.[1] Sidan avstandane i Valdres er store, bur mange av elevane på internat nært skulen.
Valdres vidaregåande skule | |||
Skuletype | Offentleg vidaregåande skule | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 974597381 | ||
Region/fylke | Innlandet | ||
Kommune | Nord-Aurdal | ||
Stad | Leira | ||
Adresse | Yrkesskulevegen 20 2920 Leira i Valdres | ||
Eigar | Oppland fylkeskommune | ||
Rektor | Kari Elisabeth Rustad | ||
Klasser | 27 | ||
Elevar | 550 | ||
Tilsette | 135 | ||
Nettstad | www.valdres.vgs.no/ | ||
Valdres vidaregåande skule 60°58′15″N 9°18′15″E / 60.970861111111°N 9.3041111111111°E |
Valdres vidaregåande skule hadde fram til 2001 to avdelingar, ei på Leira og ei i Fagernes. Etter at kommunen investerte i ein ny skulebygning på Leira, vart alle avdelingane samla på Leira.
Skulen driv òg Ung i Valdres som tilrettelegg for kultur- og fritidsaktivitetar.
Studietilbod
endre- Studiespesialisering
- Design og handverk
- Idrettsfag
- Bygg- og anleggsteknikk
- Restaurant- og matfag
- Elektrofag
- Helse og oppvekst
- Teknikk og industriell produksjon
Kjelder
endre- ↑ «Om Valdres vgs - Valdres vidaregåande skule», www.valdres.vgs.no, henta 2. november 2022