Valenki
Valenki (russisk валенки, «tovestøvler», eintal valenok) er tradisjonelle russiske vinterstøvlar laga av filt. Varme skor, støvlar og støvlefôr av filt kan òg kallast katankar (eventuelt i fleirtalsforma katanka), kartankar[1] (eventuelt kartanka[2], i eintal kartank) på russenorsk og i dialektar i Finnmark og tova ullfot, labbar og anna på norsk.[3][4]
Valenki og katanka
endreStøvlane er tova fullstendig av ull og manglar solar, men er slitesterke. Dei gjev god isolasjon mot vintertemperaturar ned mot førti kuldegradar. Støvlane er ikkje vasstette, og blir ofte brukt med kalosjar (gummisko) utandørs. Dei kan brukast både ute og inne.
Det er stor produksjon av valenki i Russland. Det er òg fleire små valenki-museum, blant anna i den vesle byen Mysjkin. I Finnmark kan ein bruka katanker når det er kaldt, og desse er vanlegvis laga i Russland.[5]
Kartanka blir tova av saueull og blir brukt med overtrekkssko eller fotposar.[6] Kartanka blir òg brukt som filttøflar inne i skallar, samisk fottøy av reinsdyrskinn som tradisjonelt i staden blei isolert med sennegras.
Andre definerer katankar som «en stivere utgave av dosso, en tovet ullfiltsokk som brukes i skaller.»[7] Nemningane har kome inn i norske dialektar i nord gjennom kontakten med nabofolk. På russisk kan filtstøvlane valenki òg kallast katanki.[8] «Dosso» kjem av ordet tosso som på finsk og kvensk kan brukast om 'tøffel' eller 'sko'.[5]
Sjå òg
endre- Filttøflar, tovesko, varme tøflar av filt
- Skallar, samiske skinnstøvlar
- Kamikkar, tradisjonelle grønlandske støvlar
- Lapti, tradsjonelle russiske bastsko
- Sapogi, russiske langstøvlea (skaftestøvlar)
Andre russiske vinterplagg:
- Telogreika, vattert bomullsjakke
- Usjanka, russisk loslue i pels
- Afghanka, den russiske hæren sin uniform i Den afghansk-sovjetiske krigen 1978–1989
Galleri
endre-
Tysk og russisk soldat etter kampane om Stalingrad under andre verdskrigen i 1943. Russaren til høgre har varme valenki på føtene, den tyske krigsfangen har improvisert fottøy som minner om lapti, tradsjonelle russiske bastsko.
-
Lotte i Lotta Svärd, ein frivillig paramilitær hjelpeorganisasjon i Finland, speidar etter sovjetiske fly under vinterkrigen i 1940. I tillegg til ein kraftig pelsfrakk har ho filtstøvlar på føtene.
Kjelder
endre- ↑ Søkeordet «katanker» i digitalmuseum.no
- ↑ Søkeordet «katanka» i digitaltmuseum.no
- ↑ Søkeordet «kartanker» i digitaltmuseum.no
- ↑ «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 6. juli 2012.
- ↑ 5,0 5,1 Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017
- ↑ «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 6. juli 2012.
- ↑ Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017
- ↑ Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017
- Denne artikkelen bygger på «Valenki» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2021.