Valentina Lalenkova
(Omdirigert frå Valentina Golovenkina)
Valentina Nikolajevna Lalenkova, fødd Golovenkina (fødd 21. januar 1957) er ein ukrainsk tidlegare skeiseløpar frå Sverdlovsk som representerte Sovjetunionen.
Valentina Lalenkova | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 21. januar 1957 (67 år) Jekaterinburg |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1984 |
Lalenkova høyrde dei til beste sovjetiske skeiseløparane i 0tida 1978-85. Ho vart nummer tre i firkamp-VM 1983 i Karl-Marx-Stadt, slått av arrangørlandet sine utøvarar Andrea Mitscherlich og Karin Enke. Vinteren 1984 kom ho på andreplass i europameisterskapen i Alma Ata, bakom Gabi Schönbrunn frå Aust-Tyskland. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo enda ho som beste på fjerdeplassen på 1000 meter. Til sist i OL-sesongen vart nummer to i Sprint-VM 1984 i Trondheim, atter møtte ho si overkvinne i ein austtysk utøvar, her Karin Enke.
Lalenkova la opp etter 1985-sesongen.