Opna hovudmenyen

Valerij Anatoljevitsj Spitsyn (fødd 5. desember 1965) er ein russisk tidlegare kappgjengar frå Magnitogorsk som i 1994 vart europameister på 50 kilometer, året etter han vann VM-bronse på same distansen.

AktivEndra

Spitsyn vart i 1992 nasjonal meister på 50 km, før han seinare på året deltok i dei olympiske sommarleikane i Barcelona. I den spanske OL-byen gjekk lagkameraten Andrej Perlov inn til siger, sjølv vart Spitsyn fjerdemann på tida 3.54.39, 54 sekundar unna bronsemedaljøren Ronald Weigel. Eitt år seinare sikra Spitsyn seg bronsemedaljen ved Friidretts-VM 1993 i Stuttgart der han kom i mål etter 3.42.50 tids gange, berre gullvinnar Jesús Ángel García frå Spania og finnen Valentin Kononen gjekk fortare. Under EM i friidrett 1994 i Helsinki sigra Spitsyn på tida 3.41.07, to-og-eit-halvt minutt føre Thierry Toutain frå Frankrike.

Den 21. mai 2000 vann Spitsyn den russiske meisterskapen på verdsbestetida 3.37.26, ein rekord som gjaldt til august 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra