Valentin Kononen (fødd 7. mars 1969) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsinki som i 1995 vart verdsmeister i 50 kilometer kappgang. Han vann elles sølv på same distansen ved VM 1993 og EM 1998.

Valentin Kononen

Statsborgarskap Finland
Fødd 7. mars 1969 (55 år)
Helsingfors
Yrke kappgjengar
Høgd 181 centimeter

Kononen vart på 50 km nummer seks i EM 1990, nummer fem ved VM 1991 og nummer sju under Sommar-OL 1992. I VM 1993 tok han andreplassen i øvinga, 21 sekundar bakom Jesús Ángel García frå Spania. To år etter vann Kononen ein klar siger på 50 km under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg. Tre år seinare, ved EM 1998 i Budapest, kom han i mål til ein sølvmedalje, 38 sekundar bakom europameister Robert Korzeniowski frå Polen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre