Vedalsfossen er ein foss i Vedalselva,[1] ei sideelv til Veig i Hjølmadalen (også kalla Hjølmodalen[2]) i Eidfjord kommune i Vestland.

Vedalsfossen
foss
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Eidfjord
Fossetype Segmentert
Elv Vedølo
Totalt fall 200 m
 •  Lengste fall 200 m
 •  Midla breidd 23 m
Tal på fall 1
Kart
Vedalsfossen
60°23′14″N 7°07′21″E / 60.3873°N 7.12248°E / 60.3873; 7.12248

Fossen har eit vertikalt fall på 190 meter eller nær 200 meter, og dette reknar ein som det åttande høgaste loddrette fallet i Noreg.[3] Fossefallet vert ofte omtalt som høgare om ein tar med den forholdsvis bratte delen av elva nedanfor. Kjeldene oppgjev samla fallhøgd på 650 meter.[4][5][6] Frå utløpet på Hardangervidda til samløpet med hovudelva er høgdeforskjellen kring 680 meter. Vedalsfossen kjem ned i Hjølmadalen frå sidedalen Vedalen i dobbelt løp.[7] Fossen er vanskeleg tilgjengelwg. Ein kan sjå fossen frå vegen mellom Sæbø og Hjølmo.[5]

Johannes Flintoe brukte Vedalsfossen som motiv då han dekorerte «fulgeværelset» på det nye slottet i Christiania.[8]

Fossen vert stundom rekna for å ha ei høgd på 600 m, men dette er høgdepotensialet til elva om ein nytta ho til vasskraftproduksjon. På 1970-talet vurderte ein kraftutbygging av fossen, noko som ville medført tørrlegging av han.[9]

Hjølmadalen er vill og forriven. Lengre inn i dalen fell Veig gjennom Valursfossen.[10]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Søk i norgeskart.no». Henta 10. juli 2019. 
  2. En vurdering av reiselivsnæringen i Eidfjord. Kommunen. 1981. 
  3. Eie, John (1996). Dammer og kraftverk. NKI forl. ISBN 8256235381. 
  4. Thuesen, Nils Petter (1948-) (2000). Fakta om Norge. Orion. ISBN 8245804274. 
  5. 5,0 5,1 Hardangervidda: fra hytte til hytte. Gyldendal. 1998. ISBN 8205251983. 
  6. Norge sett fra luften. Det Beste. 1980. ISBN 8270100935. 
  7. norgeskart.no oppslag 15. desember 2018
  8. Vestrheim, Gjert (4. september 2015). «Venterommet». Dag og Tid. s. 28-299. 
  9. Om Hardangervidda. Miljøverndepartementet. 1978. 
  10. Welle-Strand, Erling (1988). De tusen fossers land. Nortrabooks. ISBN 8290103433. 

Bakgrunnsstoff

endre