Vegusdal kyrkje er ei krosskyrkje frå 1867 på Engesland i Birkenes kommune i Agder.

Vegusdal kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Birkenes
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Vest-Nedenes
Sokn Vegusdal
Fellesråd Birkenes
Arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe
Material Tre
Innvigd 23. juni 1867
Tårn I vest
Kyrkjegard Ja (innvigd ca. 1938–39)
Døypefont Frå 1100-talet
Altartavle Lars Osa, 1920
Orgel 1968
Sitjeplassar 350
Kart
Vegusdal kyrkje
58°32′03″N 8°07′22″E / 58.53413773°N 8.12275314°E / 58.53413773; 8.12275314
Wikimedia Commons: Vegusdal kirke

Vegusdal har hatt kyrkje sidan mellomalderen, og den gamle kyrkjestaden er ved garden med same namn. Der stod det to forskjellige kyrkjer før ein valde å flytte kyrkjestaden til Engesland, som stod fram som bygdas sentrum, og oppføre ei ny kyrkje. I 1974 vart så Vegusdal kapell oppført på den gamle kyrkjestaden, som hadde vore halden i hevd i mellomtida.

Vegusdal kyrkje vart teikna av Conrad Fredrik von der Lippe, oppført i 1866–67 under arkitekt Schauffert frå Arendal og innvigd av biskop Jacob von der Lippe (far til arkitekten) den 23. juni 1867. Denne krosskyrkja har ei noko uvanleg form ved at saltaket over skipet fortset ned over tverrskipet som om det skulle vere ei langkyrkje. Elles har kyrkja innslag av romanske og gotiske stiltrekk. Ho har vesttårn, og koret i aust er smalare og lågare enn resten av bygningskroppen.

Dagens altartavle kom til i 1920 og har eit bilete som er måla av Lars Osa. Biletet[1] viser Jesus og Peter på Genesaretsjøen idet Jesus strekk ut handa for å redde Peter. Under biletet finner vi Peter sine ord: «Herre, frels meg!»[2] Den romanske klebersteinsdøypefonten er overført frå dei tidlegare kyrkjene og er truleg laga i verkstedet ved Stavanger domkyrkje på 1100-talet. Dåpsfatet i messing er frå 1400- eller 1500-talet. Orgelet har 12 stemmer (2 manual og pedal) og er frå 1968.

Kyrkjegarden måtte drenerast før han kunne takast i bruk rundt 1938–39. I mellomtida vart det brukt ein kyrkjegard ved Haugvadbakken, om lag 500 meter unna.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Avbilda her Arkivert 2014-01-16 ved Wayback Machine.
  2. Jf. Matt. 14.30