Vendelrot er ei urt i vendelrotfamilien. Arten si utbreiing ligg innanfor Europa. Planta vert kring 7 dm høg. Stengelen har krypande renningar. Bladet har grovtagga finnar og stort breitt endesmåblad. Blomstrar kring juli månad på våte stader og enger. Vanleg gjennom heile Noreg. Funnen opp til 1540 m i Jotunheimen.

Vendelrot
Vendelrot
Vendelrot
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Kaprifolfamilien Caprifoliaceae
Slekt: Vendelrotslekta Valeriana
Art: Vendelrot V. sambucifolia
Vitskapleg namn
Valeriana sambucifolia

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

endre