Venus in Furs av The Velvet Underground

Venus in Furs
av The Velvet Underground
frå albumet The Velvet Underground & Nico
Språk engelsk
Utgjeve 12. mars 1967
Innspelt Mai 1966
Studio TTG i Hollywood i California
Sjanger Drone rock[1]
Lengd 5:12
Selskap Verve
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Andy Warhol

«Venus in Furs» er ein song av The Velvet Underground, skriven av Lou Reed og opphavleg gjeven ut i 1967 på albumet The Velvet Underground & Nico. Songen var inspirert av boka med same namn av Leopold von Sacher-Masoch, og inneheld seksuelle tema som sadomasochisme, bondage og underkasting.

«Venus in Furs» vart òg gjeven ut på singel ved fleire høve, som i 1988 i Storbritannia og som ein konsertsingel i Frankrike og Storbritannia i høvesvis 1993 og 1994. Denne konsertversjonen kom ut i 1993 på konsertalbumet Live MCMXCIII.

Innspeling endre

«Venus in Furs» var ein av tre songar som vart spelt inn på ny i mai 1966 i TTG Studios i Hollywood, før han kom ut på den endelege miksen av The Velvet Underground & Nico (dei to andre var «Heroin» og «I'm Waiting for the Man»). Arrangementet består av den kakofoniske bratsjen til John Cale og gitaren til Lou Reed stemt i D G C F A C. Gitaristen Sterling Morrison spelte bass på songen, men i følgje Cale, som var den vanlege bassisten i bandet, likte ikkje Morrison å spele på instrumentet.[2][3] Rytmen består av to basstrommer og ein tamburin, spelt langsamt av Maureen Tucker.

I essayet «Venus in Furs by the Velvet Underground» skriv Erich Kuersten: «Det er ingen intro eller oppbygging i songen. Sporet startar som om du opnar ei dør til ei dekadent S&M/opium-bule i Marrakesh, eit blaff av luftkondisjonerte Midtausten-vondskap med ein støyande rytme som er den manglande koplinga mellom «Bolero» og Led Zeppelin sin versjon av 'When the Levee Breaks'».[4]

Medverkande endre

Alternative versjonar endre

Ludlow Street Loft, juli 1965 endre

Songen var ein av fleire tidlege songar som vart spelte inn av Lou Reed, John Cale og Sterling Morrison i loftsleilegheita si i Ludlow Street i juli 1965. Denne versjonen av songen har eit heilt anna arrangement enn det som kom ut på The Velvet Underground & Nico, og endar med det David Fricke kalla ein «naken, gammalengelsk sørgjesong» i platenotata for Peel Slowly and See. John Cale song solovokal på demoinnspelinga.

Scepter Studios, april 1966 endre

Eit alternativt opptak av songen vart først spelt inn i Scepter Studios i New York City før han vart spelt inn på ny i Hollywood. Dette opptaket av songen vert framført kjappare og teksten varierer noko.

Konsertopptak endre

Konsertopptak av «Venus in Furs» kom ut på Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes (San Francisco, desember 1969) og på Live MCMXCIII (Paris, juni 1993).

Ettermæle endre

«Venus in Furs» vert ofte rekna som ein av dei beste songane til bandet. I 2012 rangerte magasinet Paste songen på niandeplassen på lista si over dei 20 beste Velvet Underground-songane,[5] og i 2021 plasserte The Guardian songen på tredjeplassen på lista si over dei 30 beste Velvet Underground-songane.[6]

Kjelder endre

  1. Segal, Dave. «He's Set Feee». The Stranger. Henta 13. juli 2020. 
  2. {{cite web|last1=Hoffman|first1=Eric|title=Examinations: An Examination of John Cale|url=http://www.mentalcontagion.com/mcarchive/examinations/examinations0409.html%7Cwebsite=Mental[daud lenkje] Contagion|access-date=24. oktober 2014
  3. Tom Pinnock (18. september 2012). «John Cale on The Velvet Underground & Nico». Uncut. Arkivert frå originalen 29. desember 2014. Henta 23. mars 2022. 
  4. Erich Kuersten. «Venus in Furs by the Velvet Underground». mcsweeneys.net. Henta 23. mars 2022. 
  5. Stiernberg, Bonnie (11. november 2012). «The 20 Best Velvet Underground Songs». Paste. Henta 20. februar 2022. 
  6. Petridis, Alexis (8. juli 2021). «The Velvet Underground’s greatest songs – ranked!». The Guardian. Henta 20. februar 2022.