Opna hovudmenyen

Verónica Michelle Bachelet Jeria[a] (fødd 29. september 1951) er ein chilensk sosialistisk politikar og tidlegare president i Chile. Ho er den første kvinna som er blitt vald til denne stillinga. Bachelet er medlem av partiet Partido Socialista de Chile.

Michelle Bachelet
Michelle Bachelet with sash.jpg
Michelle Bachelet ved innsetjinga som president i 2006.
Fødd 29. september 1951

La Cisterna

Parti Partido Socialista de Chile
Verv President i Chile
 - periode 2006-2010
 - føregangar Ricardo Lagos
 - etterfylgjar Sebastián Piñera

Ved presidentvalet i Chile i 2005 fekk ho 46 % av stemmene i fyrste valomgang. Ho vann den andre valomgangen 15. januar 2006, over forretningsmannen Sebastián Piñera, med 53,5 % av stemmene. Bachelet vart innsett som president 11. mars 2006. Ved valet 17. januar 2010 tapte sentrum-venstresida mot sentrum-høgre-kandidaten Sebastián Piñera, og presidentskiftet skjedde 11. mars 2010.

Bachelet måtte rømme Chile etter at faren vart drepen av soldatane til Augusto Pinochet. Ho studerte germanistikk og medisin i Leipzig og Berlin. Ho var helseminister og forsvarsminister i regjeringa til president Ricardo Lagos.

Michelle Bachelet er skild og mor til tre.

MerknadarEndra

  1. Uttalt /βeˈɾonika miˈʃɛl baʃˈle ˈçeɾja/

BakgrunnsstoffEndra