Vera kyrkje

kyrkje i Verdal kommune
(Omdirigert frå Vera kapell)

Vera kyrkje, tidlegare Vera kapell og Væren kapell, er ei langkyrkje frå 1899 i fjellbygda Nord-Vera aust i Verdal kommune i Trøndelag fylke.

Vera kyrkje
kyrkje

Foto: Henny Stokseth

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Stiklestad
Sokn Vera
Fellesråd Sør-Innherad
Type langkyrkje
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 1899
Takryttar over vestre enden av skipet
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol frå 1899[1]
Døypefont frå 1955[1]
Altartavle frå 1899 av Samuel Tveit[1]
Sitjeplassar 75[1]
Kart
Vera kyrkje
63°48′07″N 12°20′48″E / 63.8019°N 12.3468°E / 63.8019; 12.3468
Wikimedia Commons: Vera kapell
Vera kyrkje is located in Nord-Trøndelag
Plasseringa til Vera kyrkje

Kyrkja er bygd i tømmer og har sitjeplassar til 75 personar.[1] Inventaret er frå byggeåret eller seinare.

Bygget vart tidlegare også nytta som skule for bygda.

Det er gravplass sørvest for kyrkja.

Inventar endre

Altartavla er frå 1899 og er laga av Samuel Tveit. Ho har Jesus og lammet som motiv.[1] Preikestolen er også frå 1899 og er laga av ein lokal snikkar.[1] Døypefonten er i tre og vart laga av Hans Eng i 1955.

Kyrkjeklokke endre

Kyrkja har ei klokke. Ho er frå 1899 og er laga ved Øren Metallstøperi. På klokka står det: «Gave fra Værdalsbruget».

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Vera kapell». Våre kirker : norsk kirkeleksikon Vanebo Forlag,. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 226. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre