Vera kyrkje
kyrkje i Verdal kommune
Vera kyrkje, tidlegare Vera kapell og Væren kapell, er ei langkyrkje frå 1899 i fjellbygda Nord-Vera aust i Verdal kommune i Trøndelag fylke.
Vera kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Henny Stokseth | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Stiklestad | ||
Sokn | Vera | ||
Fellesråd | Sør-Innherad | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | tømra | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1899 | ||
Takryttar | over vestre enden av skipet | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Preikestol | frå 1899[1] | ||
Døypefont | frå 1955[1] | ||
Altartavle | frå 1899 av Samuel Tveit[1] | ||
Sitjeplassar | 75[1] | ||
Vera kyrkje 63°48′07″N 12°20′48″E / 63.8019°N 12.3468°E | |||
Wikimedia Commons: Vera kapell |
Kyrkja er bygd i tømmer og har sitjeplassar til 75 personar.[1] Inventaret er frå byggeåret eller seinare.
Bygget vart tidlegare også nytta som skule for bygda.
Det er gravplass sørvest for kyrkja.
Inventar
endreAltartavla er frå 1899 og er laga av Samuel Tveit. Ho har Jesus og lammet som motiv.[1] Preikestolen er også frå 1899 og er laga av ein lokal snikkar.[1] Døypefonten er i tre og vart laga av Hans Eng i 1955.
Kyrkjeklokke
endreKyrkja har ei klokke. Ho er frå 1899 og er laga ved Øren Metallstøperi. På klokka står det: «Gave fra Værdalsbruget».
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Vera sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Nord-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-05-05 ved Wayback Machine.
- Om Vera kapell på nettstaden til Verdal historielag Arkivert 2012-03-11 ved Wayback Machine.
- Vera kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren