Verdscupen i langrenn 1986/Kvinner

Verdscupen i langrenn for kvinner i 1986-sesongen omfatta 14 tevlingar, av dei 9 individuelle renn og 5 stafettar. Tevlingane tok til 7. desember 1985 og vart avslutta 15. mars 1986. Dei ni individuelle renna bestod av to tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km, to 20-kilometerar og ei tremil. Renna fann stad i Labrador City i Canada, Bibawik (2) i USA, Le Saisies i Frankrike, Klingenthal i dåverande Aust-Tyskland, Nové Město na Moravě i dåverande Tsjekkoslovakia, Oberstdorf (2) i dåverande Vest-Tyskland, Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige og Oslo (2) i Noreg.

Finlands Marjo Matikainen vann FIS-pokalen med minst mogleg margin. Ho enda eitt poeng føre Marianne Dahlmo og tre poeng framom Brit Pettersen, begge frå Noreg. Matikainen og Pettersen vann kvar sine to renn, medan Gaby Nestler og Simone Opitz, begge Aust-Tyskland, førnemnde Dahlmo og Anne Jahren, begge Noreg, samt finske Jaana Savolainen vann ei tevling kvar.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng
1 Marjo Matikainen   Finland 107
2 Marianne Dahlmo   Noreg 106
3 Brit Pettersen   Noreg 104
4 Anne Jahren   Noreg 88
5 Simone Opitz   Aust-Tyskland 60
6 Gaby Nestler   Aust-Tyskland 54
7 Evi Kratzer   Sveits 54
8 Jaana Savolainen   Finland 44
9 Nina Koroljova   Sovjetunionen 42
10 Pirkko Määttä   Finland 42
11 Giudina Dal Sasso   Italia 37
12 Alžbeta Havrančíková   Tsjekkoslovakia 32
13 Carola Anding   Aust-Tyskland 31
14 Raisa Smetanina   Sovjetunionen 30
15 Anfisa Romanova   Sovjetunionen 27
16 Berit Aunli   Noreg 27
17 Eija Hyytiäinen   Finland 24
18 Karin Lamberg   Sverige 22
19 Vida Vencienė   Sovjetunionen 21
20 Svetlana Nagejkina   Sovjetunionen 17
21 Nina Skeime   Noreg 16
22 Marit Wold   Noreg 15
23 Solveig Pettersen   Noreg 13
24 Tamara Tikhonova   Sovjetunionen 13
25 Larisa Ptitsyna   Sovjetunionen 12
Petra Simonkova   Tsjekkoslovakia 12

Kjelder

endre