Opna hovudmenyen

Vers-refreng-form er ei musikalsk form som er vanleg i pop, blues og rock and roll sidan 1950-åra,[1] og har vore dominerande i rockemusikken sidan 1960-åra. I kontrast til 32-taktsforma, som fokuserer på vers (med B-delen som motsats) vert refrenget i vers-refreng-forma vektlagt som motsats til verset.[2]

Ei 32-taktsform, der A er verset og B er refrenget er forma AABA, der verset tar opp det meste av tida og refrenget berre er der som motsats og fører attende til verset. I vers-refreng-forma tar refrenga meir av tida og verset eksisterer for å føre fram til refrenget. Til dømes: ABABB(B).

Refrenget står ofte i skarp kontrast til verset for melodi, rytme og harmoni, og har eit høgare dynamikknivå og aktivitet, ofte med fleire instrument. Dette vert kalla eit «utbrotsrefreng».[3]

Vers-refreng-form med kontrastEndra

Songar som nyttar forskjellig musikk i verset og refrenget står i konstrast til kvarandre. Døme er:

Enkel vers-refreng-formEndra

Songar som nyttar same harmoni (akkordar) i verset og refrenget, som ein 12-taktsblues, men der melodien og teksten er forskjellig, har ei enkel vers-refreng-form. Døme er:

Enkel vers-formEndra

Songar som berre har eit repetert vers er i enkel vers-form (utan refreng). Døme er:

med med mellomspel som motsats:

Både den enkle vers-refreng-forma og den enkle verseforma er i strofisk form.

KjelderEndra

  1. Michael Campbell & James Brody (2007), Rock and Roll: An Introduction, page 117
  2. Covach, John. "Form in Rock Music: A Primer", p.71, in Stein, Deborah (2005). Engaging Music: Essays in Music Analysis. New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-517010-5.
  3. Doll, Christopher. "Rockin' Out: Expressive Modulation in Verse–Chorus Form", Music Theory Online 17/3 (2011), § 2.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 Covach (2005), p.71–72