Irokesarføderasjonen

Irokesarføderasjonen, eigentleg hotinonshonni (onondaga) eller haudenosaunee (seneca), òg kjent som sambandet av fred og makt, sambandet av fem nasjonar eller sambandet av seks nasjonar, er ein føderasjon av amerikanske urfolk sett saman av mohawkfolk, oneidafolk, onondagafolk, cayugafolk og senecafolk. Ei sjette gruppe, tuscarorafolka, slutta seg til ei tid etter at dei opphavlege fem nasjonane danna føderasjonen.

Flagget til irokesarføderasjonen.

europeisk kolonisering av Amerika tok til var føderasjonen lokalisert i det som i dag er nordaustlege USA og søraustlege Canada, inklusive det som no er norddelen av staten New York, i tillegg til delar av Pennsylvania, Ontario og Quebec.

Omgrepa hotinonshonni og irokesar endre

Den samansette leiarskapen til nasjonane var kjent som hotinonshonni. Hotinonshonni tyder 'folket som byggjer langhus' og er omgrepet som folket bruker om seg sjølv. Omgrepet skal ha blitt introdusert av «fredsskaparen» Deganawida då føderasjonen vart danna. Symbolsk var seneca vaktarane av den vestlege døra i «langhuset til klanen» og mohawk var vaktarane av den austlege døra.

Det finst ulike teoriar til opphavet for omgrepet «irokesar». James Wilson skriv at ordet kjem frå eit algonkinspråk via baskisk og fransk og har ei nedsetjande tyding. Hotinonshonniarane sjølv gjer derfor ikkje bruk av omgrepet «irokesar».[1]

Ein teori nummer to seier at hotinonshonniar ofte avslutta forteljingane sine med frasen hiro kone. Hiro vert omsett til «eg har talt», kone kan omsetjast på fleire måtar, det mest vanlege er «i glede», «i sorg» eller «i sanning». «Hiro kone» lydde som «iroke» for dei franske.

Eit siste mogleg opphav til namnet skal ha komme frå ein fransk versjon av namnet huron (wendat), regna som ei fornærming og betyr «svarte slangar». Irokesarane var fiendar av huronarane og algonkinarane som var alliert med franskmennene på grunn av deira rivalisering i pelshandelen.

Forskarar nyttar omgrepet «irokesar» i ei vidare tyding enn som hotinonshonni, som eit samleomgrep for alle folkeslag med fellestrekk i kultur og språk i området.

Historie endre

Tidleg historie endre

 
Irokesarar i Buffalo i New York i 1914.

Føderasjonen vart etablert lenge før fast europeisk kontakt vart oppretta, med grunnloven kjent som Gayanashagowa, av somme skrive Kaianerekawa, eller «den store loven». Gayanashagowa vart til med hjelp av ein minnegjenstand sett saman av forskjellige perler kalla wampum som har arveleg åndeleg verdi. Wampum har feilaktig vorte jamført med pengar i andre kulturar. Dei fleste antropologar har tradisjonelt spekulert i at denne grunnloven vart oppretta mellom midten av 1400-talet og tidleg på 1600-talet. Ut frå tolkingar av arkeologiske studiar har forskarar funne samsvar med munnleg tradisjon som hevdar at føderasjonen vart danna så tidleg som rundt 31. august 1142. Dette er basert på teori om ei samstundes solformørking.[2].

Den munnlege tradisjonen fortel korleis føderasjonen kom i stand. Deganawida, «fredsskaparen», kom inn i verda og hadde med seg ein fredsbodskap til dei stridane partane. Først tok ei vond kvinne imot bodskapen, den neste som vendte seg om var kannibalen Ayonhwathah, anglisert til Hiawatha. Deganawida omvendte så mohawknasjonen som kom til å skipe konføderasjonen. Etter det kom turen til dei fire andre nasjonane. Etter det legenda fortel var ein vond onondaga-shaman kalla Tadadaho den siste til å bli konvertert av Ayonhwathah og Deganawida, og han vart den åndelege leiaren til hotinonshonni. Denne hendinga skal ha skjedd ved Onondagasjøen nær Syracuse i New York. Tittelen tadadaho vert framleis bruka av sambandet sin åndelege leiar, den femtiande høvdingen som sit med Onondaga i rådet, men han er den einaste av dei femti som vert vald av heile hotinonshonnifolket. Tadadaho i 2007 er Sid Hill frå Onondaga.

Etter at føderasjonen mellom dei fem nasjonane vart oppretta, stoppa intern strid og då dei seinare allierte seg med dei engelske kolonistane fekk hotinonshonni raskt ein av dei sterkaste styrkane i det nordaustlege Nord-Amerika på 1700-talet og 1800-talet.

Samkvem med europearar endre

Irokesarane danna ein militærallianse med dei engelske kolonistane i 1677 gjennom ei semje kjent som Covenant Chain. Saman kjempa dei mot franske kolonistar som var allierte med huronar, eit anna irokesisk folkeslag, men som tradisjonelt var ein fiendar av hotinonshonni.

Forbundet deltok i ei rekkje krigar mot franske styrkar og deira irokesisk-språklege allierte, huronarane. Dei la også mykje press på algonkinfolk ved atlanterhavskysten og det som no er regionen til det kanadiske skjoldet. Det var heller ikkje uvanleg at dei kjempa mot dei engelske koloniane også. I det 17. hundreår har dei òg fått æra for å ha erobra og/eller absorbert dei nøytrale indianarane og eriefolket i vest for å kontrollere pelshandelen, sjølv om det ofte vert gjeve andre grunner for desse krigane.

I følgje Francis Parkman var hotinonshonni på sitt sterkaste på 1600-talet med ein folkesetnad på 12 000 menneske. Etter tradisjonen i føderasjonen vart dei døde symbolsk erstatta gjennom «sørgje krigen», raid med føremål å ta fangar for å erstatte tapte medkjemparar og å ta hemn over ikkje-medlemmer. Denne tradisjonen var vanleg for dei innfødde folka i nordaust, men svært framand for dei europeiske busettarane.

1700-talet endre

Tuscarorarane flykta nordover i 1720 frå den europeiske koloniseringa av North Carolina og bad om å få bli den sjette nasjonen i føderasjonen. Dette er ein posisjon utan stemmerett, men som plasserer dei under vern frå føderasjonen.

Under sjuårskrigen mellom franskmenn og britar i Nord-Amerika slutta hotinonshonni seg til britane mot franskmennene og deira allierte algonkinfolk, begge tradisjonelle fiendar av hotinonshonni. Hotinonshonnifolket håpte på nye føremonar etter krigen ved å hjelpe britane. I praksis slutta få irokesarar seg til kampane og i slaget ved Georgesjøen tok ei gruppe mohawkarar og franskmenn ein mohawkleidd britisk kolonne i bakhald. Den britiske regjeringa skreiv ut ein kongeleg proklamasjon i 1763, etter krigen, som la restriksjonar på kvit busetting nord om Appalachane, men dette vart stort sett ignorert av busettarar og dei lokale styresmakta.

Mange tuscarorarar og oneidarar slutta seg til separatistane under USA sin krig for sjølvstende, medan mohawkarane, senecarane, onondagarane og cayugarane heldt fram som lojale mot Storbritannia. Dette var den første store splittinga blant dei seks nasjonane i føderasjonen. Etter ei rekkje vellykka operasjonar mot pionerbusettingane, leidd av mohawkleiaren Joseph Brant og hans britiske allierte, reagerte USA med hemn. I 1779 gav George Washington ordre til oberst Daniel Brodhead og general John Sullivan til å leie ekspedisjonar mot irokesarnasjonane for å «ikkje berre køyre over, men øydeleggje» den britisk-indianske alliansen. Felttoget lykkast i å få ein ende på britane og indianarane sin kapasitet til å gjennomføre fleire øydeleggjande åtak på busettingar i USA.

 
Mohawk-leiaren John Smoke Johnson til høgre med John Tutela, og Young Warner, to andre veteranar frå krigen mellom USA og Storbritannia–Irland i 1812.

I 1794 skreiv føderasjonen under Canandaigua-avtalen med USA. Etter USA sin krig for sjølvstende forlét kaptein Joseph Brant og ei gruppe irokesarar staten New York for å slå seg ned i Canada. Som godtgjersle for deira lojalitet mot Storbritannia, fekk dei eit stort landområde ved Grand River. Brant si kryssing av elva gav det opphavlege namnet til området: Brants ford. Innan 1847 begynte europeiske busettarar å slå seg ned i nærleiken og gav landsbyen namnet Brantford. Den opphavlege Mohawk-busetjinga låg på den sørlege kanten av dagens by ved ein svært gunstig stad til å lande med kanoar. Før dei fekk dette landområdet, eksisterte det ikkje iroksesarbusetjingar i det området eller andre steder i det sørlege Ontario som strekkjer seg nordover og austover frå Ontariosjøen inn i Quebec rundt dagens Montreal. Omfattande kamper mot huronarane innebar konstant endring av territoriet i det sørlege Ontario mellom dei to gruppene, lenge før det kom inn europeisk påverknad.

Hotinonshonni i dag endre

Framleis ligg spreidde irokesarsamfunn rundt om i nordre staten New York, til dømes ligg territoriet til onondaganasjonen i utkanten av Syracuse i New York.

Tru endre

Grunna nær kontakt med europearar frå ei nokså tidleg tid, er det ekstremt vanskeleg å finne ut av den opphavlege mytologien og religionen hos hotinonshonni, men kjernen i trossystemet inkluderte eit konsept om livet som ein kamp mellom gode og vonde krefter. «All-faderen», ein guddom som femna om alt, var skikkelseslaus og hadde liten kontakt med menneske. Åndene var i heile naturen og kontrollerte endringar i årstidene. Nøkkelfestivalar var samanfallande med vesentlege hendingar i landbrukskalenderen.

«Sjuande generasjon» er grunnleggjande i den store loven til hotinonshonni som krev at høvdingane vurderer kva innverknadar avgjerslene deira får for den sjuande generasjonen.

Irokesarprofeten Handsome Lake, halvbror av Cornplanter, fekk i 1799 eit syn og introduserte ein ny religion til senecarane. Handsome Lake sin religion blanda element frå kristendom, særleg kvekarane, med tradisjonell irokesartru, inkludert årstidsfestivalane. Rundt 5000 menneske følgjer framleis den nye religionen i dag.

Hotinonshonni og skipinga av staten USA endre

Irokesarnasjonen sin politiske eining og demokratiske styresett har fått æra av nokre som ein av kjedene for påverknad til grunnloven i USA. Men teorien er avvist av mange historikarar, og somme regnar han som myte. Historikaren Jack Rakove skriv at «dei utfyllande nedteikningane vi har for grunnlovsdebatten seint i 1780-åra har ingen monalege tilvisingar til irokesarane.»[1] Forskaren Brian Cook skriv at «- irokesarane venteleg hadde noko påverknad på tankegangen til dei som utforma og utvikla grunnloven og det amerikanske demokratiet, men kanskje indirekte eller til og med utan medvit. Men det omvendte er venteleg òg rett. Irokesarpåverknaden er ikkje så stor som (nokre historikarar) vil at den skal vere, utformarane la rett og slett ikkje vekt på eller forstod ikkje mykje av irokesarkulturen, og påverknaden kom frå Europa eller var klassisk, ikkje av den nye verda.» [2] Arkivert 2006-10-05 ved Wayback Machine.

Medlemsnasjonar endre

Engelsk namn Irokesarnamn Tydning Primær lokalisering i dei 17. og 18. hundreåra
Seneca ¹ Onondowahgah folket frå den store høgd Senecasjøen og Genesee River
Cayuga ¹ Guyohkohnyoh folket frå den store myr Cayugasjøen
Onondaga ¹ Onundagaono høgdefolket Onondagasjøen
Oneida ¹ Onayotekaono Folket av oppreist stein Oneidasjøen
Mohawk ¹ Kanien'kéhaka flintfolket Mohawk River
Tuscarora ² Ska-Ruh-Reh skjorte-bærande folk Frå North Carolina, slo seg til mellom Oneidas og Onondagas
Note 1: Medlemmer av dei opphavlege fem nasjonar (frå vest til nord)
Note 2: Sjette nasjon (slutta seg til i 1720)
   

Dagens folkesetnad endre

Det totale talet på irokesarar i dag er vanskeleg å stadfeste. Rundt 45 000 irokesarar levde i Canada i 1995. I folketeljinga i 2000, hevda 80 822 menneske i USA å vere av irokesisk etnisitet, medan 45 217 hevda at dei berre hadde irokesisk bakgrunn. Men stammeregistreringane i USA i 1995 talde berre rundt 30 000 totalt.

Folkesetnad i hotinonshonni, irokesarføderasjonen
Location Seneca Cayuga Onondaga Tuscarora Oneida Mohawk Combined
Ontario         3970 14051 176031
Quebec           9631  
New York 7581 448 1596 1200 1109 5632  
Wisconsin         10309    
Oklahoma             22002

Kjelde: Iroquois Population in 1995 av Doug George-Kanentiio [3].
1 Sambandet av seks nasjonar i Grand River territoriet.
2 Seneca-Cayuga i Oklahoma.

Klanar endre

Innanfor kvar av dei seks nasjonane er menneska delt opp i eit tal klanar. Talet på klanar varierer frå nasjon til nasjon, for tida mellom tre og syv, med totalt ni forskjellige klannamn.

Dagens klanar
Seneca Cayuga Onondaga Tuscarora Oneida Mohawk
Ulv Ulv Ulv Ulv Ulv Ulv
Bjørn Bjørn Bjørn Bjørn Bjørn Bjørn
Skilpadde Skilpadde Skilpadde Skilpadde Skilpadde Skilpadde
Bekkasin Bekkasin Bekkasin
Hjort Hjort Hjort
Bever Bever Bever
Hegre Hegre
Hauk Hauk
Ål Ål

Styresett endre

Irokesarane har eit representativ styresett kjent som Storrådet. Kvar stamme sender høvdingar som fungerer som representantar og tar avgjersler for heile nasjonen. Talet på høvdingar har aldri endra seg.

  • Onondaga 14
  • Cayuga 10
  • Oneida 9
  • Mohawk 9
  • Seneca 8
  • Tuscarora 0

Dagens stammesamfunn endre

Referansar endre

  1. James Wilson, Jorden skal gråte – USAs historie med indianernes øyne, Spartacus Forlag, Oslo 2003, side 136.
  2. Fields and Mann, American Indian Culture and Research Journal, vol. 21, #2

Kjelder endre

Artikkelen Iroquois på engelsk Wikipedia slik han var 14. oktober 2006, først omsett til bokmål. Den engelskspråklege artikkelen refererer til

Andre kjelder endre