Vestlandsk fjordfe

Vestlandsk fjordfe er ein gammal norsk storferase frå Vestlandet, knytt til området frå Hordaland til Nordmøre.[1]

Kvige av vestlandsk fjordfe.
Foto: Bengt Oberger

Historie, kjenneteikn og utbreiing endre

Vestlandsk fjordfe stammar frå storfeet ein tradisjonelt heldt på Vestlandet. Det blei anerkjent som rase på 1890-talet, og det blei ført stambok over rasen fram til 1920. På starten av 1900-talet prøvde ein å laga lokale underrasar av fjordfeet, der kvar region skulle ala på ein særskild farge og hornanlegg. Dette gjekk ein vekk frå ettersom populasjonane då blei for små. Rasen er i dag kjenneteikna av stor variasjon i farge, størrelse og hornanlegg. Storleiken er likevel ganske jamn, med dei fleste dyra på mellom 400 og 500 kg.

Vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe blei slått saman til éin rase i 1947, særleg på grunn av innalsproblem i fjordfeet. Då ein byrja arbeid med å bevara dei gamle storferasene på 1980-talet, gjekk ein tilbake til å skilja dei to typane som eigne rasar att. I 2006 var det registrert 600 vestlandske fjordfe i kuregisteret. Det finst ei bevaringsbesetning for fjordfeet ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

I regi av GENO, som formidler oksesæd til inseminering, blir det også formidla sæd av fjordfeet til interesserte bønder.

Så òg endre

Kjelder endre

  1. «Om fjordfe», fjordfe.no

Bakgrunnsstoff endre