Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°8′31″N 9°38′30″E

Vestre Porsgrunn kyrkje
kyrkje
Vestsiden kirke Porsgrunn.jpg
Foto: Mahlum
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Skien
Sokn Porsgrunn
Fellesråd Porsgrunn
Type langkyrkje
Arkitekt Joen Jacobsen (byggm.)
Teknikk sinklaft
Material tre
Innvigd 16. mars 1758
 - Endringar 1766, 1777, 1830, ca. 1900, 1930-åra, 1956
Tårn i vest
Preikestol 1758
Altartavle Søfren Nielsen, bilete nederlandsk (motiv: Nattverda)
Orgel Ernst Junker, 1995
Sitjeplassar 250[1]
Wikimedia Commons: Vestre Porsgrunn kirke

Vestre Porsgrunn kyrkje eller Imauels kyrkje (også kjent som Vestsidens kirke) er ei langkyrkje i Porsgrunn kommune i Telemark.

Interiør

Kyrkja vart oppført av byggmeister Joen Jacobsen og innvigd 16. mars 1758. I 1766 fekk kyrkja bordkledning, og i 1777 vart det gjort om på interiøret. Mellom anna vart korskillet fjerna, og kyrkja fekk tønnekvelving med påmala himmel og skyer. I 1830 fekk kyrkja sakristitilbygg i aust, og omkring 1900 vart interiøret endra: Kvelvinga måla kvit, veggene fekk panel og mykje av inventaret vart skifta ut. Det vart gjort om på dette ved restaureringar i 1930-åra og 1956.

Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1690. Der stod det i si tid eit gravkapell. Sidan er kyrkjegarden fylt opp, og ny kyrkjegard er teken i bruk ved Tørmo, der ein finn eit gravkapell frå 1914 (ombygd 1957).

KjelderEndra

  • Hoel, Per R.; Jacobsen, Ola Horg, red. (2008). Vestre Porsgrunn kirke 1758-2008. Immanuelkirken. Porsgrunn. 
  • Norby, Truls E. (2010). Kirken og byen. En beretning om Porsgrunns kirker gjennom 250 år. Porsgrunn: Norgesforlaget. ISBN 978-82-92765-41-8. 
  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Vestre Porsgrunn kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 40-41. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). «Vestre Porsgrunn kirke». Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 146-149. ISBN 82-91399-10-7. 
  • Kyrkjesøk

FotnotarEndra

  1. Kyrkjesøk. Bokverket «Kirker i Norge» opererer med 170 plassar.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Vestre Porsgrunn kyrkje