Litlelitauen

(Omdirigert frå Vetlelitauen)

Litlelitauen (litauisk Mažoji Lietuva; tysk Kleinlitauen; polsk Litwa Mniejsza; russisk Máлая Литвá, Malaja Litva) eller Prøyssisk Litauen (litauisk Prūsų Lietuva; tysk Preußisch-Litauen, polsk Litwa Pruska) er ein historisk etnografisk region i Preussen, seinare Aust-Preussen i Tyskland, der prøyssiske litauarar eller lietuvininkai levde. Litlelitauen utgjorde den nordlege delen av denne provinsen og fekk namnet sitt fordi innbyggjarane stort sett bestod av litauisktalande. Før invasjonen til Den tyske riddarordenen på 1200-talet var størsteparten av området som seinare vart Litlelitauen busett av skalviarar og nadruviarar og var underlagt Kongedømet Litauen seint på 1200-talet. Området vart til ein viss grad avfolka på grunn av krig mellom Storhertugdømet Litauen og Klosterstaten til Den tyske riddarordenen. Krigen enda med Melnotraktaten og landområdet vart busett på nytt av litauiske nybyggjarar, flyktningar som kom tilbake og restar av dei innfødde baltiske folka. Uttrykket Litlelitauen oppstod først mellom 1517 og 1526. Bortsett frå Memelland, som vart eit mandatområde i Folkeforbundet i 1920 etter Versaillestraktaten og vart annektert til Litauen i 1923. Litleliutauen var ein del av Preussen fram til 1945. I dag er ein liten del av Litlelitauen innanfor grensene til Litauen og Polen, medan mesteparten ligg i Kaliningrad oblast i Russland.

Sjølv om nesten ingenting er att etter den opphavlege kulturen på grunn av utkastinga av tyskarar etter den andre verdskrigen har Litlelitauen medverka til litauisk kultur. Den skrivne standardforma av prøyssisklitauisk danna grunnlaget for moderne litauisk. Han var heimstaden til Kristijonas Donelaitis, pastor og diktar som skreiv Årstidene og markerte byrjinga på litauisk litteratur. Vydūnas, ein kjend forfattar og filosof, kom òg frå Litlelitauen.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Aukštaitija» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2008.
  • Simon Grunau, Preussische Chronik. Hrsg. von M. Perlbach etc., Leipzig, 1875.
  • Adalbert Bezzenberger, Die litauisch-preußische Grenze.- Altpreußische Monatsschrift, XIX–XX, 1882–1883.
  • K. Lohmeyer, Geschichte von Ost- und Westpreußen, Gotha, 1908
  • R. Trautmann, Die Altpreußischen Sprachdenkmaler,Göttingen, 1909
  • L. David. Preussische Chronik. Hrsg. von Hennig, Königsberg, 1812
  • M. Toeppen, Historische-comparative Geographie von Preußen, Gotha, 1958

Bakgrunnsstoff endre