Vicky Leandros

gresk politikar og songar

Vicky Leandros (fødd 23. august 1949) er ein gresk songar med ein lang internasjonal karriere. Leandros er dottera til songaren, musikaren og komponisten Leandros Papathanasiou (kjend som Leo Leandros, og med komponistpseudonymet Mario Penas). Leandros representerte Luxembourg i Eurovision Song Contest to gongar og vann tevlinga i 1972 med songen «Après toi».

Vicky Leandros
2010-10-03-quadriga-vicky-leandros2.jpg
Fødd23. august 1949 (72 år)
FødestadPaleokastrítsa
FødenamnΒασιλική Παπαθανασίου, Vasilikí Papathanasíou
AliasΒίκυ Λέανδρος, Vicky Leandros
OpphavHellas
Aktiv1965–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapPhilips Records
Verka somsongar, politikar
FarLeo Leandros
Prisarfortjenstkors med bånd av Forbundsrepublikken Tysklands fortjenstorden, Goldene Stimmgabel

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

Leandros vart fødd i Palaiokastritsa, ein feriestad på øya Korfu i Det joniske havet. Faren hennar ynskte å utvida karrieren sin og reiste til Tyskland medan Vicky vaks opp hos bestemora sin til ho var fem år gammal. I 1958 tok foreldra ho med seg til Tyskland der ho vart buande etter at foreldra vart skild. Leandros vaks soleis opp i Hamburg og gjekk på gymnaset i Wartenau.

KarriereEndra

Leandros hadde sidan 1960-talet ei rekkje framgangsrike hittar og album der ho syng på tysk. Leandros deltok fleire gonger i Eurovision Song Contest for Luxembourg. I 1967 kom ho på fjerdeplass med «L'amour est bleu» som i ettertid vart ein verdshit, og i 1972 vann ho Eurovision Song Contest med «Après toi». I 2000 gav ho ut albumet Jetzt.

Frå 1982 til 1986 var Leandros gift med den greske entreprenøren Ivan Zisiadis, og saman fekk dei sonen Leandros Zissiadis. I 2005 vart Leandros skild frå den andre ektemannen sin, Enno von Ruffin, etter 19 års ekteskap. Saman med von Ruffin fekk ho døtrene Maximiliane og Alessandra.

Leandros vart seinare aktiv innan politikk på kommunalt nivå i Hellas. Den 15. oktober 2006 vart ho vald inn i bystyret i hamnebyen Pireus. Oppgåvene ho hadde omfatta den kulturelle og internasjonale utviklinga til byen. Ho vart òg varaordførar i Pireus.

I juni 2008 valde Leandros å tre ut av gresk politikk med umiddelbar verknad. Ho hadde undervurdert arbeidsmengda og tida som var naudsynt for å oppfylle dei politiske pliktene sine, og kome fram til at vart umogleg å kombinere desse pliktene med songkarrieren.[1]

KjelderEndra

  1. «Biography » Vicky Leandros Online». vickyleandrosonline.eu. Arkivert frå originalen 2014-02-27. Henta 24. februar 2014.