Enkjer

familie av sporvefuglar
(Omdirigert frå Viduidae)
Enkjer
Dominikanarenkje, Vidua macroura Foto: Doug Janson
Dominikanarenkje, Vidua macroura
Foto: Doug Janson
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Enkjer Viduidae

Enkjer er ein biologisk familie, Viduidae, av 20 artar små sporvefuglar, alle endemiske for Afrika.

Desse finkeliknande artane har ei fjørdrakt som vanlegvis er dominert av svart eller indigo. Hannar av ni av artane har lang eller særs lang hale i praktdrakta.

Alle enkjer er reirparasittar som legg egga sine i fuglereira til artar av astrildar. Dei fleste brukar amarantar som vertar, medan somme vel pytilias-astrildar. I motsetnad til gauken, øydelegg ikkje enkjer egga til verten. Vanlegvis legg dei 2-4 egg i tillegg til dei som allereie er i reiret. Egga av både vert og offeret er kvite, sjølv om enkjeegga er litt større.

Mange av artane der hannar er utan lang hale er mykje like i utsjånad. Hannane er vanskelege å skilje i felt, og ungfuglar og hofuglar nær umoglege. Den beste rettleiinga er ofte astrildarten som dei er knytt til, sidan kvar art av enkjer parasitterer ein bestemt vertsart. Til dømes vil landsbyenkje vanlegvis parasittere raudnebbamarant. Enkjer imiterer verten sin song, songen lærer hannane i reiret. Sjølv om hoer ikkje syng, lærer dei òg å kjenne att songen, vel hannar med same song, og vidarefører dermed koplinga mellom enkjeart og astrildart. Ungar av enkjer etterliknar vertsungane sin måte å gape på.

Tilpassing til vertsfuglen er drivkrafta bak artsdanning i denne familien, men den nære genetiske og morfologiske likskapen mellom artane i enkjefamilien tyder på at dei er av nyare opphav.

Artar endre

 
Paradisenkje, Vidua paradisaea
Foto: Doug Janson

Enkjer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Vidua

  • Dominikanarenkje, Vidua macroura, Pin-tailed Whydah, Pallas, 1764
  • Storhaleenkje, Vidua orientalis, Northern Paradise-Whydah, Heuglin, 1870
  • Langhaleenkje, Vidua interjecta, Long-tailed Paradise-Whydah, Grote, 1922
  • Drageenkje, Vidua togoensis, Togo Paradise-Whydah, Grote, 1923
  • Breihaleenkje, Vidua obtusa, Broad-tailed Paradise-Whydah, Chapin, 1922
  • Paradisenkje, Vidua paradisaea, Eastern Paradise-Whydah, Linné, 1758
  • Stålenkje, Vidua hypocherina, Steel-blue Whydah, Verreaux & Verreaux, 1856
  • Stråhaleenkje, Vidua fischeri, Straw-tailed Whydah, Reichenow, 1882
  • Spydhaleenkje, Vidua regia, Shaft-tailed Whydah, Linné, 1766
  • Landsbyenkje, Vidua chalybeata, Village Indigobird, Müller, 1776
  • Savanneenkje, Vidua wilsoni, Pale-winged Indigobird, Hartert, 1901
  • Nigeriaenkje, Vidua nigeriae, Quailfinch Indigobird, Alexander, 1908
  • Josenkje, Vidua maryae, Jos Plateau Indigobird, Payne, 1982
  • Grønglansenkje, Vidua raricola, Jambandu Indigobird, Payne, 1982
  • Hausaenkje, Vidua larvaticola, Baka Indigobird, Payne, 1982
  • Guineaenke, Vidua camerunensis, Cameroon Indigobird, Grote, 1922
  • Sørgjeenkje, Vidua funerea, Variable Indigobird, Tarragon, 1847
  • Purpurglansenkje, Vidua purpurascens, Purple Indigobird, Reichenow, 1883
  • Svartvengenkje, Vidua codringtoni, Green Indigobird, Neave, 1907

Slekt Anomalospiza

  • Gaukvevar, Anomalospiza imberbis, Parasitic Weaver, Cabanis, 1868

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Enkjer