Vikebladet Vestposten
Vikebladet Vestposten er ei lokalavis som vert utgjeven i Ulstein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Linda Eikrem er eineleiar (redaktør og disponent) for avisa.
Avisa tek mål av seg å vera lokalavis for kommunane Ulstein og Hareid. Dei to kommunane ligg på øya Hareidlandet. Redaksjonen til avisa ligg i Ulsteinvik. Vikebladet Vestposten blir trykt hos Polaris Trykk i Breivika i Ålesund kommune Namnet Vikebladet Vestposten kjem av ei samanslåing av avisene Vikebladet og Vestposten i 1989. Vikebladet var lokalavis for Ulstein og Hareid og Vestposten for Hareid.
Eigar av avisa er Sunnmørsposten AS, eit dotterselskap av Polaris Media.
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 5 000 |
2001 | 4 936 |
2002 | 4 782 |
2003 | 4 796 |
2004 | 4 765 |
2005 | 4 609 |
2006 | 4 597 |
2007 | 4 628 |
2008 | 4 504 |
2009 | 4 444 |
2010 | 4 421 |
2014 | 3 966 |
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.