Vikeholmen fyrstasjon

Vikeholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme 800 meter sør for SkudeneshavnKarmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden

Vikeholmen fyrstasjon

Vikeholmen mellom 1890 og 1900.
Foto: Riksarkivet
FylkeRogaland
KommuneKarmøy
FunksjonLeifyr
Oppretta1849
Koordinatar59°08.4450′N 5°16.5631′E / 59.1407500°N 5.2760517°E / 59.1407500; 5.2760517
Fyrtårn
Høgd4,5*
FormLyktehus*
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
Lyshøgd7,5* moh.
Lysvidde5,6* nm
Status
EigarSkudenes Sjømannsforening
Automatisert1908
Avfolka1908
Kart
Vikeholmen fyrstasjon
59°08′27″N 5°16′34″E / 59.1408°N 5.27605°E / 59.1408; 5.27605
* gjeld nyare fyrlykt.
Vikeholmen fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Vikeholmen fyrstasjon

Fyret vart bygd i 1849, først som eit mellombels fiskefyr under sildefisket på vinterhalvåret. I 1875 vart det noverande fyret bygd som eit av dei første i landet i betong. Det vart avfolka og automatisert alt i 1908 og erstatta av ei fyrlykt. Ein periode etter dette vart den gamle fyrbygningen nytta som bustad, men vart etter kvart fråflytta og forfalle. I 1965 tok Skudenes Sjømannsforening over fyret, og sidan den gong har det vorte nytta som overnattingsstad.

Den nye fyrlykta står oppført som Vikaholmen hos Kystverket.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre