Opna hovudmenyen

Viktor Alter, fødd 7. februar 1890 i Polen – død 17. februar 1943 i Sovjetunionen, var ein jødisk sosialist og publisist frå det sosialistiske partiet Bund. Han var òg medlem i eksekutivkomiteen i den sosialistiske Andre Internasjonalen.

Viktor Alter
Wiktor Alter.JPG
Fødd 7. februar 1890
Mława
Død

17. februar 1943
Samara

Yrke politikar

Alter studerte i Belgia i 1912. Etter at han kom tilbake til det russisk-kontrollerte Polen i 1913, vart han arrestert av tsaren sitt politi fordi han var aktiv i Bund, og send til Sibir. Han klarte å rømme, og fór til Storbritannia, der han slutta seg til Det britiske arbeidarpartiet, Labour. Under første verdskrigen deltok han i kampanjen for militærnekting. I desember 1917 vart han medlem av sentralkomiteen i Bund.

Frå 1918 budde han i det uavhengige Polen. Han var ein av leiarane i Bund i mellomkrigsåra, og var på venstresida i partiet. Han var for nærare samarbeid med Det polske sosialistpartiet PPS, og var motstandar av Komintern og Det polske kommunistpartiet. Han sat òg i bystyret i Warszawa.

Etter den tyske invasjonen i Polen, og den etterfølgjande sovjetiske okkupasjonen av den austlege delen av landet, oppheldt han seg i det sovjetkontrollerte området. Der vart han arrestert av det politiske politiet NKVD 29. september 1939. I juli 1941 vart han dødsdømd av sovjetiske styresmakter, men dommen vart sidan omgjord til 10 år i Gulag.

Han vart sett fri etter samarbeidsavtalen mellom Sovjetunionen og den polske eksilregjeringa kom i stand. Han byrja da å organisere Den jødiske antifascistiske komitéen. På denne tida kom han i kontakt med Stanisław Kot, den polske ambassadøren i Moskva, og han oppmoda polske jødar i Sovjetunionen til å bli med i dei polske hæravdelingane som vart etablerte der (Anders-hæren).

I oktober 1941 vart Alter, saman med ein annan Bund-leiar med namnet Henrik Erlich, plasserte i eit hotell i Kuibishev. I private samtalar som vart avlytta og rapporterte til Stalin drøfta dei to ryktene om at mange polske offiserar hadde vorte drepne i Katyn. Den 4. desember 1941 vart han igjen arrestert av NKVD, saman med Erlich. Dei vart begge drepne. Detaljane er ukjende og rapportane om kva som skjedde varierer. Men drapa skal vere godkjende på høgste hald.

I 1943 sende dei sovjetiske styresmaktene ut eit kommuniké som sa at Viktor Alter hadde vorte avretta på ordre frå Stalin for å ha «spionert for Hitler». Dette førte til sterke reaksjonar internasjonalt.

I 1991 vart Alter og Erlich rehabiliterte av russiske styresmakter, og det som skjedde med dei vart erklært urett.

Kor Alter er gravlagd er ikkje kjent. Eit monument vart reist på den jødiske gravplassen ved Okopowa-gata i Warszawa 17. april 1988. Monumentet og publiseringa av den sanne soga om kva som skjedde med Alter og Erlich vart mogleg på grunn av innsatsen frå Marek Edelman (Bund-medlem og overlevande frå oppreisten i Warszawa-ghettoen i 1943) og medlemer av fagorganisasjonen Solidaritet.

Viktor Alter publiserte fleire bøker, mellom dei

  • Antysemityzm gospodarczy w świetle cyfr (Economic Antisemitism in numbers) (1937)
  • Gdy socjaliści dojdą do władzy ...! (When Socialists come to power…!) (1934)
  • Socjalizm walczący (Fighting Socialism) (1926)

Han publiserte òg talrike artiklar i den sosialistiske pressa.

Kjelde:Endra

Den engelskspråklege wikipediaen [1]