Oppreisten i Warszawa-ghettoen i 1943
Oppreisten i Warszawa-ghettoen i 1943 skjedde mellom 19. april og 16. mai 1943.
Dei jødiske innbyggjarane i ghettoen hadde bestemt seg for å gjere opprør mot dei nazi-tyske okkupasjonsstyrkane da dei innsåg kor tyskarane førte dei deporterte jødane og kva som skjedde med dei.
Sommaren 1942 byrja tyskarane å deportere jødar frå ghettoen, først og fremst til utryddingsleiren Treblinka.
Etter dei store deportasjonane skipa fleire politiske organisasjonar ein felles kamporganisasjon som dei kalla ŻOB (Żydowska Organizacja Bojowa, Den jødiske kamporganisasjonen), som vart leidd av Mordechai Anielewicz, og bestod av 220-500 personar. 250-450 personar til var organiserte i ŻZW (Żydowski Związek Walki, Det jødiske kampforbundet). Medlemene av desse gruppene hadde ingen illusjonar om kva tyskarane hadde for planar, og dei ville kjempe til døden. Våpna til ZOB var for det meste pistolar og heimelaga bomber og molotovcocktails. ZZW var noko betre væpna på grunn av betre kontaktar med polakkar utanom ghettoen.
Den 19. april 1943 skulle SS innleie likvideringa av ghettoen. Dette kjende innbyggjarane til, og kampgruppene hadde førebudd væpna motstand gjennom innsmugling av våpen og tillaging av eigne handgranatar.
SS gjekk til åtak med artilleri. Likevel greidde partisanane å halde stand i mesta ein månad.
Dei jødane som ikkje hadde falle i kampen eller gjort sjølvmord, vart skotne eller sende til utryddingsleirane.
Romanar om GhettoopprøretEndra
KjeldeEndra
Svensk wikipedia.