Vincent Edward Matthews (fødd 16. desember 1947) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som i 1972 vart olympisk meister på 400-meter, fire år etter han også vann OL-gull med USA i 4 x 400 meter stafett.

Vince Matthews


Statsborgarskap USA
Fødd 16. desember 1947 (76 år)
Queens
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Matthews høyrde til toppen i verdseliten på 400 meter allereie i 1967-sesongen. Både i AAU-meisterskapen og panamerika-leikane vart han nummer to på spesialdistansen, like bak verdseinaren Lee Evans.

Ved OL-uttaka sommaren 1968 vart Matthews fjerdemann på 400 meter, noko som gav han plass på stafettlaget til USA. I Mexico-byen gjorde landsmennene Lee Evans, Larry James og Ron Freeman storeslem og vann samtlege medaljar i den individuelle tevlinga over 400 meter under sommarleikane i oktober 1968. Saman med desse tre vann Matthews OL-gull i 4 x 400 m stafett, vinnartida 2.56,1 var verdsrekord i heile 24 år.

Dei neste åra var ikkje Matthews aktiv i friidrett før han i 1972 kom tilbake og kvalifiserte seg til sommarleikane som tredjemann på 400 m i det nasjonale uttaket. I leikane i München på 400 m pådrog storfavoritten John Smith seg ein skade 80 meter før mål, noko som førte til at Matthews tok over leiinga i løpet og vann gullmedaljen på distansen framom landsmannen Wayne Collett og kenyanaren Julius Sang. Under sigersseremonien etter løpet stod Matthews og Collett saman på sigerspallen og snakka med kvarandre då nasjonalsongen til USA vart spelt. Den internasjonale olympiske komiteen svarte med å stenge dei ute frå Sommar-OL. Matthews la opp.

Matthews sette personleg rekord med 44,66 sekundar då han vann OL-gull i München, med stoppeklokke fekk han 44,4 i sluttid under OL-uttaka fire år tidlegare.

Kjelder endre