Vindafjord kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Vindafjord)
«Vindafjord» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Vindafjorden.


Vindafjord er ein kommune på Haugalandet i Rogaland fylke. På land grensar kommunen mot Tysvær i sørvest, mot Suldal i søraust og mot hordalandskommunen Etne i aust. I sjøen har Vindafjord grense mot Sveio i vest, Stord i nordvest og Kvinnherad i nordaust. Alle dei tre sistnemnde kommunane ligg i Vestland fylke. Kommunen har teke namn etter Vindafjorden, ein fjordarm i Boknafjorden. Vindafjorden utgjer den sørlege grensa mot Suldal. Den noverande Vindafjord kommune oppstod 1. januar 2006 ved samanslåinga av Ølen kommune og den tidlegare Vindafjord kommune. Kommunesenteret er ØlensjøenVikedal var senter i gamle Vindafjord kommune.

Vindafjord kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Ølensjøen
Areal 620 km²
 - land 599 km²
 - vatn 21 km²
Folketal 8 938  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp)
Kommunenr. 1160
Kart
Vindafjord kommune
59°32′44″N 5°49′05″E / 59.545556°N 5.818056°E / 59.545556; 5.818056
Wikimedia Commons: Vindafjord
Nettstad: www.vindafjord.kommune.no

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.