Vindauge

(Omdirigert frå Vindauga)

Glas, vindauga eller vindauge er opningar i veggar eller tak i rom i bygningar, køyretøy og anna, som kan sleppa inn lys og/eller luft. Vindauge er gjerne laga som eit gjennomsiktig eller gjennomskineleg materiale, som glas, klar plast eller ei hinne av einkvan slaget, som er set inn i ei ramme av tre, metall eller eit kunststoff.

Rundt og firkanta vindauge i Japan.
Gamalt vindauge i gamal vegg.
Vindauge i eit fly.

I bygningar er vindaugsramma gjerne festa med hengsel til ein karm ikring, slik at det let seg gjere å opne og lukke det. Karmen kan òg vera laga av tre, metall eller eit kunststoff. Det heile er gjerne laga som ei eining for seg, og festa i ei opning i veggen eller taket på eit vis som gjer at det heile kan skiftast utan å gjere store inngrep i sjølve bygninga. Eit vindauge kan i og for seg òg vera heilt ope, men vert då ofte kalla ein glugge.

Ordet «vindauga» er norrønt og tyder ordrett 'lufthol'.

Biletdøme på vindauge endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vindauge

«vindu - lysåpning» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.