Vinegret (russisk винегрет) er ein russisk salat som også er utbreidd i andre land som tilhøyrte Sovjetunionen. Retten inneheld oppskorne kokte grønsaker (raudbete, potet, gulrot), oppskoren lauk og sylta grønsaker som sauerkraut og/eller sylteagurk.[1][2][3][4] Ein kan også ha i andre ingrediensar, som erter og bønner.[3][4] Namnet kjem frå fransk vinaigrette,[1] som retten kan ha som dressing.[1][3][4] Trass namnet treng ein ikkje ha eddik i moderne matlaging, men berre bruka ei matolje som solsikkeolje.[2] Ein del tilset det sure vatnet frå sylteagurk eller sauerkraut.

Vinegret

Salaten er saman med russisk salat og sildesalat vanleg å servera ved zakuski, koldtbord til ulike feiringar.

Retten er svært utbreidd i Russland og Ukraina, men stammar frå vestlege salatoppskrifter som kom til området og blei tilpassa lokale tilhøve på 1800-talet.[5] Opphavleg viste omgrepet vinegret til alle typar oppskorne kokte grønsaker med ein eddikdressed.[1] Seinare endra tydinga seg til å visa til einkvar blanda salat med raudbete.[2] Nyare russiske og ukrainske kokebøker nemner framleis at det er mogleg å ha sopp, kjøt og fisk i retten,[2][3][4] men dette er uvanleg å gjera.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Винегрет. In: В. В. Похлёбкин, Кулинарный словарь от А до Я. Москва, Центрполиграф, 2000, ISBN 5-227-00460-9 (William Pokhlyobkin, Culinary Dictionary. Moscow, Centrpoligraf publishing house, 2000; Russian)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Салаты и винегреты. In: П. В. Абатуров, Л. С. Акулов, А. А. Ананьев и др., Кулинария. Москва, Госторгиздат, 1955-1958 (P. V. Abaturov, L. S. Akulov, A. A. Ananyev etc., Cookery. Moscow, Soviet state publishing house for business literature, 1955-1558; Russian)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 И. А. Фельдман, Любимые блюда. Изд. Реклама, 1988, с. 180-186, ISBN 5-88520-031-9 (I. A. Feldman, Favourite dishes, Reklama publishing house, 1988, p. 180-186; Russian)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Л. Я. Старовойт, М. С. Косовенко, Ж. М. Смирнова, Кулінарія. Київ, Вища школа, 1992, с. 218 (L. Ya. Starovoit, M. S. Kosovenko, Zh. M. Smirnova, Cookery. Kiev, Vyscha Shkola publishing house, 1992, p. 218; Ukrainian)
  5. В. В. Похлебкин, Национальные кухни наших народов. Москва, изд. Пищевая пром-сть, 1980 (William Pokhlyobkin, The Ethnic Cuisines of our Peoples. Moscow, Food Industry publishing house, 1980; Russian)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vinegret