Ishockey under Vinter-OL 1984

Ishockey under Vinter-OL 1984 vart arrangert i tida frå 7. til 19. februar 1984 i Sarajevo. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, finalerunda i sin heilskap på Olimpijska dvorana Zetra med plass til 12 000 tilskodarar. Sovjetsamveldet tok gull, Tsjekkoslovakia sølv og Sverige bronse.

TurneringaEndra

12 land deltok i turneringa, som tok til med ei opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til ei finalerunde. Nummer tre og fire i gruppene gjekk direkte til respektive plasseringskampar. Noreg enda sist i Gruppe B med eitt poeng, etter uavgjort mot Finland.

FinalerundaEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sovjetunionen 3 3 0 0 16 - 1 6
2   Tsjekkoslovakia 3 2 0 1 6 - 2 4
3   Sverige 3 1 0 2 3 - 12 2
4   Canada 3 0 0 3 0 - 10 0

Sovjetunionen sitt meistermannskapEndra

Målvakter: Vladislav Tretjak, Vladimir Mysjkin
Forsvarar: Vjatsjeslav Fetisov, Aleksej Kasatonov, Vasilij Pervukhin, Zinetula Biljaletdinov, Igor Stelnov, Sergej Starikov
Løparar: Vladimir Krutov, Igor Larionov, Sergej M. Makarov, Sergej Sjepelev, Nikolaj Drozdetskij, Mikhail Vasiljev, Aleksandr Gerasimov, Vladimir Kovin, Andrej Khomutov, Aleksandr Kosjevnikov, Viktor Tjumenev, Aleksandr V. Skvortsov.

KjelderEndra