Vladana Vučinić
Vladana Vučinić (fødd 18. juli 1986), profesjonelt kjend som Vladana, er ein montenegrinsk songar og låtskrivar. Ho representerte Montenegro i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia med låten «Breathe».[1]
Vladana Vučinić | |||
| |||
Fødd | 18. juli 1986 (38 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Podgorica | ||
Fødenamn | montenegrinsk-kyrillisk: Владана Вучинић | ||
Alias | Vladana | ||
Opphav | Montenegro | ||
Aktiv | 2003– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar |
Bakgrunn
endreVučinić vart fødd i dåverande Titograd i Jugoslavia. Ho fekk kontakt med musikkbransjen allereie som barn, takka vere bestefaren Boris Nizamovski, som leia den makedonske foreininga for sceneartistar. Han var også manager for det makedonske musikkensemblet Magnifico.[2] Vučinić er musikkutdanna med fordjuping innan musikkteori og operasong. Ho har også ein journalistikkgrad frå Montenegros statlege fakultet for statsvitskap.[2]
I 2003 hadde Vučinić fjernsynsdebuten sin på eit nasjonalt karaokeshow. Same år gav ho ut debutsingelen «Ostaćeš mi vječna ljubav», som ho framførte under musikkfestivalen Pjesma Mediterana i Budva i Montenegro.[3] I mars 2005 deltok Vučinić i songtevlinga Montevizija 2005 med songen «Samo moj nikad njen».[4] Ho enda på 18. plass og gjekk dimed ikkje vidare til Evropesma-Europjesma 2005, som skulle kåre Serbia og Montenegro sitt bidrag til Eurovision Song Contest 2005.[5] Året etter deltok ho igjen i Montevizija 2006, denne gongen i duett med Bojana Nenezić og songen «Željna».[6] Med ein ellevteplass kvalifiserte dei seg til Evropesma-Europjesma 2006 og enda til slutt som nummer 15.[7] Seinare i 2006 framførte Vučinić songen sin «Kapije od zlata» i nykommar-klassen under musikkfestivalen Sunčane skale.[8] Sidan følgde fleire singlar, blant anna «Kao miris kokosa», der musikkvideoen vart den mest viste i landet.[8]
I 2009 gav Vućinić ut sin fyrste engelskspråklege singel, «Bad Girls Need Love Too»,[8] og 13. desember 2010 kom debutalbumet Sinner City.[2]
Vućinić lanserte eit motemagasin på nett, Chiwelook (Čiviluk), bygd på kommentarar og kronikkar frå motedesignarar i Montenegro.[9] I kraft av si rolle som grunnleggjar og redaktør har ho sjølv bidrege til magasinet med ulike spalter og ei rekkje artiklar om mote, musikk, kultur og politikk.[10]
Den 4. januar 2022 kunngjorde den montenegrinske ålmennkringkastaren RTCG at Vučinić skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2022.[11] Dagen etter vart det kjent at ho skulle framføre den engelskspråklige songen «Breathe».[12] Ho enda nest sist i semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.[13]
Diskografi
endreStudioalbum
endreTittel | Detaljar |
---|---|
Sinner City |
|
Singlar
endreTittel | År | Album |
---|---|---|
«Ostaćeš mi vječna ljubav» | 2003 | Ikkje frå album |
«Noć» | 2004 | |
«Samo moj nikad njen» | 2005 | |
«Nježna» (med Bojana Nenezić) |
2006 | |
«Kao miris kokosa» | ||
«Kapije od zlata» | ||
«Poljubac Kao Doručak» | 2007 | |
«Bad Girls Need Love Too» | 2009 | Sinner City |
«Sinner City» | 2010 | |
«Breathe» | 2022 | Ikkje frå album |
«Prevarena» |
Kjelder
endre- ↑ «Montenegro: Vladana for Turin 🇲🇪». Eurovision.tv (på engelsk). 4. januar 2022. Henta 9. januar 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Carter, William (6. januar 2022). «Montenegro: Five Things to Know About Vladana Vučinić» (på engelsk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ «Portal Analitika - najvažnije vijesti iz Crne Gore i svijeta». Portal Analitika. Henta 9. januar 2022.
- ↑ Roel (2. februar 2005). «Eurovision Montevizija '05: 24 singers selected in Montenegro - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ Borodin, Alexander (3. mars 2005). «Eurovision No Name wins Montevizija 2005 - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ Gudim, Laura (21. januar 2006). «Eurovision No Name Back at Montevizija 2006 - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ «Serbia & Montenegro: Evropesma 2006». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 «Vladana to represent Montenegro at Eurovision 2022». ESCXTRA.com (på engelsk). 4. januar 2022. Henta 9. januar 2022.
- ↑ «Vladana Vučinić: U Chiwelooku sam pronašla mir, ali nijesam završila sa muzikom - CdM». www.cdm.me (på engelsk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ «Vladana Vučinić: U Chiwelooku sam pronašla mir, ali nijesam završila sa muzikom - CdM». www.cdm.me (på engelsk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ «"My cure for Europe and for the world" — Montenegro's Vladana wants to help you heal with her Eurovision 2022 song». wiwibloggs (på engelsk). 4. januar 2022. Henta 9. januar 2022.
- ↑ «Pjesmu "Breath/Unforgivable" izvešće na engleskom jeziku». vijesti.me (på serbisk). Henta 9. januar 2022.
- ↑ «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Vladana Vučinić» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2022.