Breathe av Vladana Vučinić

song frå 2022 med Vladana
«Breathe»
Song av Vladana Vučinić

Land Montenegro
Språk Engelsk
Utgjeve 4. mars 2022
Sjanger Pop, ballade
Lengd 03:00
Selskap Dimitrov
Komponist Darko Dimitrov
Låtskrivar(ar) Vladana Vučinić, Darko Dimitrov

«Breathe» (norsk omsetjing 'pust') er ein kraftballade frå 2022 som vert framført av den montenegrinske songaren og låtskrivaren Vladana Vučinić. Songen vart internt vald av Radio i televizija Crne Gore (RTCG) som det montenegrinske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen endre

«Breathe» er skriven av Vučinić selv, saman med Darko Dimitrov, som også stod for produksjonen og miksinga.[1][2] Dimitrov hadde tidlegare skrive låten «Proud», som Tamara Todevska vann juryavrøystinga med i 2019.

Ifølgje Vučinić er teksta basert på ei «vanskeleg prøving» som ho og familien hennar gjekk gjennom i 2021, og kjenslene hennar vart til tekst og musikk.[3] Ho skildrar «Breathe» som ein kjensletung, mektig og melankolsk song.[3]

«Breathe» var eit av 30 bidrag som kringkastaren RTCG mottok til arbeidet med å finne det montenegrinske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.[4] Ein jury på ti medlemmar plukka ut «Breathe» som vinnar, og låten vart utgjeven 4. mars 2022. Vučinić framførte songen live fyrste gong under ein konsert i Stockholm ei veke seinare.[5]

«Breathe» deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest torsdag 12. mai. Songen vart nummer 17 av 18 i semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[6]

Kjelder endre

  1. Rossini, Federico (4. januar 2022). «Eurovision 2022: il Montenegro sceglie Vladana Vucinic» (på italiensk). Henta 15. mars 2022. 
  2. Vladana på Instagram (4. januar 2022). «Poštovani svi, ...». www.instagram.com. Henta 15. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Vladana Vucinic says Eurovision 2022 song "Breathe" will carry a message "heard beyond the Balkans"». wiwibloggs (på engelsk). 5. januar 2022. Henta 4. mars 2022. 
  4. «Montenegro receives record number of entries! 🇲🇪». Eurovision.tv (på engelsk). 16. desember 2021. Henta 15. mars 2022. 
  5. «🇲🇪 Montenegro: First Live Performance of "Breathe"». Eurovoix (på engelsk). 12. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  6. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.