Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij
Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij (1894–1969) var ein russisk, seinare sovjetisk språkforskar og etnograf.
Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij | |||
Fødd | 1. juni 1894 St. Petersburg | ||
---|---|---|---|
Død | 16. mars 1969 | ||
Nasjonalitet | Det russiske imperiet, Sovjetunionen | ||
Område | etnografi, folkloristikk | ||
Yrke | skribent, etnograf, folklorist | ||
Alma mater | The Faculty of Geography and Geoecology |
Tsjarnoluskij deltok i forskingsreisa til Kola-halvøya i 1927, der vart interessa hans vekt for samisk språk. Han samla inn etnografisk materiale, delar av dette vart publisert først 30-40 år seinare, på 1960- og 1970-talet.
Pausen på 30 år mellom forskingsreise og publisering heng saman med den nye sovjetiske språkpolitikken etter midten av 30-talet. Mange nasjonale akrivistar vart skulda for nasjonalistiske avvik, og samarbeid med fascistiske språkforskarar i andre land.
Tsjarnoluskij kunne slå fast at dei samiske eventyra hadde teke opp i seg samanhengar mellom samane og komiane.
Viktige arbeidd
endre- Tsjarnoluskij, V.V.: 1930: Materialy po bytu loparei. Leningrad 1930.
- Tsjarnoluskij, V.V.: 1962: Saamskije skazki (samiske eventyr)
Bakgrunnsstoff
endre- Leif Rantala. 2005. "Saami studies: Russia/USSR." I: The Saami: a cultural encyclopaedia, red av Ulla-Maija Kulonen, Irja Seurujärvi-Kari og Risto Pulkkinen. Helsinki: SKS. 363–365. Elektronisk versjon[daud lenkje]