Volda vidaregåande skule

(Omdirigert frå Volda landsgymnas)

Volda vidaregåande skule ligg i Volda i Møre og Romsdal. Skulen har 520 elevar, 75 pedagogisk tilsette og eit driftspersonale på 20.[1]

Volda vidaregåande skule
KommuneVolda kommune
Nettstadvolda.vgs.no//
Kart
Volda vidaregåande skule
62°09′00″N 6°04′22″E / 62.150027777778°N 6.0726388888889°E / 62.150027777778; 6.0726388888889

Historie endre

Volda offentlege landsgymnas endre

Volda private millomskole og gymnas vart etablert i 1910 som det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Frå starten var skulen ein privat treårig skule som bygde vidare på middelskolen. Skulen fekk statstilskott frå 1914 og skifte då namn til Volda offentlege landsgymnas. Skulen vart etablert av Johan Fredrik Voss og Olav Riste som saman var rektorar fram til 1917. Deretter heldt Olav Riste fram som rektor. Skulen skifte seinare namn til Volda Gymnas og i 1966 til Volda videregående skole AF då den vart treårig.

Volda Handelsskole endre

Volda Handelsskole, seinare Volda videregående skole HK, vart etablert i 1933, den òg som den første av sitt slag i Noreg utanom byane. Frå og med skuleåret 1994/95 vart desse to skulane slegne saman til ein skule med det noverande namnet Volda vidaregåande skule.[1]

Litteratur endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Om skulen», volda.vgs.no, henta 2. november 2022 

Bakgrunnsstoff endre