Volda vidaregåande skule
Volda vidaregåande skule ligg i Volda i Møre og Romsdal. Skulen har 520 elevar, 75 pedagogisk tilsette og eit driftspersonale på 20.[1]
Volda vidaregåande skule | |||
Kommune | Volda kommune | ||
---|---|---|---|
Nettstad | volda.vgs.no// | ||
Volda vidaregåande skule 62°09′00″N 6°04′22″E / 62.150027777778°N 6.0726388888889°E |
Historie
endreVolda offentlege landsgymnas
endreVolda private millomskole og gymnas vart etablert i 1910 som det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Frå starten var skulen ein privat treårig skule som bygde vidare på middelskolen. Skulen fekk statstilskott frå 1914 og skifte då namn til Volda offentlege landsgymnas. Skulen vart etablert av Johan Fredrik Voss og Olav Riste som saman var rektorar fram til 1917. Deretter heldt Olav Riste fram som rektor. Skulen skifte seinare namn til Volda Gymnas og i 1966 til Volda videregående skole AF då den vart treårig.
Volda Handelsskole
endreVolda Handelsskole, seinare Volda videregående skole HK, vart etablert i 1933, den òg som den første av sitt slag i Noreg utanom byane. Frå og med skuleåret 1994/95 vart desse to skulane slegne saman til ein skule med det noverande namnet Volda vidaregåande skule.[1]
Litteratur
endre- Asbjørn Aarnes: Periferi og sentrum. I: Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Samlaget 2007. ISBN 978-82-521-7138-9
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Om skulen», volda.vgs.no, henta 2. november 2022
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstaden til skulen Arkivert 2021-07-09 ved Wayback Machine.