Volsdalen kyrkje
Volsdalen kyrkje er ei kyrkje med vifteplan i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Kyrkja er tilnærma naustforma og oppført i tre. Taket er tekka med skifer.
Volsdalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Nordre Sunnmøre | ||
Sokn | Volsdalen | ||
Fellesråd | Ålesund | ||
Stad | Ålesund | ||
Arkitekt | Leif Olav Moen | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1974 | ||
Stopul | frittståande | ||
Klokker | 2, Olsen Nauen, 1974 | ||
Kyrkjegard | nei | ||
Preikestol | Bjørn Siem (1974), i tre | ||
Døypefont | Leif Olav Moen (1974), i altaskifer | ||
Altartavle | Frans Widerberg (1974) | ||
Orgel | 2: Vestre orgelfabrikk og Marcussen & søn | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
Diverse | glasmåleri av Frans Widerberg (1974) | ||
Volsdalen kyrkje 62°28′17″N 6°11′19″E / 62.47141°N 6.188508°E | |||
Wikimedia Commons: Volsdalen kirke |
Frans Widerberg har laga altartavle (motiv: Jesu inntog i Jerusalem) og glasmåleri til kyrkja. Glasmåleria står som ei søyle frå golv til tak bak altaret. Preikestolen i tre vart laga av Bjørn Siem, og døypefonten vart teikna av arkitekten.
Kyrkja har to orgel: eit pipeorgel med 25 registre bygd av Vestre orgelfabrikk (1976) og eit orgelpositiv med 4 registre bygd av Marcussen & Søn (1983).[1]
Det er ikkje kyrkjegard attmed kyrkja.
Kjelder
endre- Rasmussen, Alf Henry (1993). «Volsdalen kirke, Ålesund». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 292. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Kyrkjesøk
- Ålesund kyrkjelege fellesråd Arkivert 2015-01-10 ved Wayback Machine.
- Volsdalen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
endre- ↑ Rasmussen (1993), s. 292.