Vombatar

pattedyrfamilie
Vombatar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Diprotodontia
Underorden: Vombatiformes
Familie: Vombatar Vombatidae
Burnett, 1830

Vombatar (wombatar) er ei biologisk gruppe kortbeinte, muskuløse pungdyr som går på alle fire bein. Dei blir omtrent ein meter lange, kan vege meir enn 30 kilo, og har ein veldig kort hale. Namnet vombat kjem frå eit av språka til dei australske urinnvånarane.

Åtferd endre

Vombatene grev store holesystem med gnagar-aktige fortenner og kraftige klør. Dei er først og fremst skumrings- og nattaktive, men kjem ut for å leite etter mat på kjølige eller overskya dagar. Dei er vanskelegare å få auge på enn mange andre dyr, men etterlèt seg tydelege spor. Gjerder vert ikkje rekna som noka stor utfordring, vombatene grev seg lett under eller gjennom slike hinder. Dei etterlèt seg òg særprega kubisk lort.

Vombatar er planteetarar, og et stort sett gras, halvgras, urter, bark og røter.

Vombatar og menneske endre

Vombater er ikkje redde for menneske, og einskilde har difor med eit visst hell prøvt å temme dei. Dei eignar seg likevel dårleg som husdyr. Dei er ikkje spesielt sosiale frå naturen si side. Dei er sterke, og raske, og kan lett velte ein vaksen mann. Dei har skarpe tenner, og dei kan bli aggressive viss dei blir provosert eller berre er i dårleg humør.

Slekter og artar endre

Vombatus ursinus
Lasiorhinus latifrons
Lasiorhinus krefftii

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vombatar
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Vombatidae