Vombiskinn
Vombiskinn er brokk på fe, særleg brukt om sau. Bukmuskulaturen losnar, slik at dyret bokstavleg tala får vom(b) i skinnet. Dette er ein vanleg sjukdom hjå drektige sauer, då glir livmora med lamma ut i huda.[1] Søyer med fleire foster har større sjanse for å få vombiskinn, men det hjelper å gje dei mindre fôr, slik at dei har mindre i magen som pressar på bukskinnet.[2]
Kjelder
endre- Fotnotar
- ↑ Artikkel 11. juli 2008 Arkivert 2010-01-09 ved Wayback Machine. i Nationen
- ↑ Artikkel 12. mars 2010[daud lenkje], Tidsskriftet Bondevennen