Wadi Hauran

Denne artikkelen handlar om dalen i Irak. For vulkanplatået sør i Syria, sjå Hauran.

Wadi Hauran (òg Wadi Houran, Wādī Ḩawrān, arabisk skrift وادي حوران) er den lengste wadien i Irak. Han ligg i Al Anbar guvernement, vest i landet. Wadi Ḩauran ligg omtrent halvvegs mellom Damaskus og Bagdad nær byen Rutba, og strekkjer seg 350 km frå grensa ved Saudi-Arabia til elva Eufrat nær Haditha.[1][2]

Wadi Hauran
wadi
Iraq regions map3.png
Regionar i Irak
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Al Anbar guvernement
Koordinatar 33°58′52″N 42°33′23″E
Lengd 350 km

Wadi Hauran
33°58′52″ N 42°33′23″ E
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg

Omgrepet Wadi Hauran vert òg stundom nytta om eit større geografisk område som omfattar sjølve wadien og kringliggande åsar, i tillegg til små sidewadiar.

Dalen har bratte sider og ei djupne mellom 150 og 200 meter og er den djupaste dalen i Irak. Sjølv om det vanlegvis er tørt her, ligg det oasar aust i dalen, og i regntida renn det vatn gjennom dalen.

IS tok total kontroll over området i juni 2014.

GeografiEndra

Landskapet i denne delen av Irak er bølgjande og aude. Wadien går frå nær grensa til Jordan og austover gjennom den irakiske ørkenen til han møter Eufrat nær byen Alaleya.[3] Wadien samlar vatn frå eit område som omfattar det meste av Anbar-provinsen.[4] Høgda hans er rundt 83 meter over havet.[5]

Wadi Hauran har ein gong vore ei elv, men tørka ut etter den siste istida. Wadien gjev gode beitemarker for beduinar og kveget deira.

Plante- og dyrelivEndra

Wadi Hauran er ein god yngleplass for mange ville dyr som hare, rüppells rev, gråulv og persiagaselle, medan klippene på sidene av wadien er gode hekkestader for fastbuande fuglar og trekkfuglar som trappar, sandhøns, tartarfalk og åtselgribb.

Plantelivet i Wadi Hauran består stort sett av ørken- og halvørkenplanter.[6]

InnbyggjararEndra

Den største busetnaden i Wadi Hauran er Ar-Rutbah, som er administrasjonsstad for Ar-Rutba-distriktet. Namnet tyder «vått land» på arabisk, fordi årsnedbørsnormalen er 114,3 mm. Folketalet er noko over 20 000 som livnærer seg av jordbruk og småindustri.[7]

Wadien har tre dammar som samlar regnvatn for beitande sauer og kamelar om sommaren. Desse er Hussayniyah-dammen som vart bygd i 1990-åra,[6] Rutba-dammen,[8] og Hauran-dammen.

HistorieEndra

 
Ein amerikansk soldat med barn nær Wadi Ḩauran.

Wadien vart nemnt av Yaqut al-Hamawi[9] og kanskje av Al Tabari[10] og har tradisjonelt vore området til al-Qayn-stammene. På 1800-talet slo mange drusarar seg ned i dei vestlege områda av dalen, og i 1870-åra vart området erobra av Jabal Shammar.[11] 27. mars 1917 tok britiske styrkar to tusen tyrkiske soldatar til fange i wadien.[12]

KjelderEndra

  1. Hawran Wadi at getamap.net.
  2. Wadi Hawran at allaboutcountries.com.
  3. Satelyte view.
  4. map at mapcarta.com.
  5. satelliteview of WadiHawran.
  6. 6,0 6,1 «Wadi Horan - Al Hussayniyah - Nature Iraq survey, summer 2009 and 2010» (PDF). Nature Iraq. Henta 8. februar 2017. 
  7. «GeoNames.org». www.geonames.org. Henta 11. september 2017. 
  8. Near East/South Asia Report, Issue 2738. Foreign Broadcast Information Service. 1983. s. 87. 
  9. Fred M. Donner, The Early Islamic Conquests(Princeton University Press, 2014) s. 312.
  10. History of al-Tabari Vol. 11, page 63.
  11. Alexei Vassiliev, The History of Saudi Arabia (Saqi, 2013).
  12. David Burg, Almanac of fyrste verdskrigen (University Press of Kentucky, 2010).