Wadi Musa, (arabisk وادي موسى, tyder ‘Mosesdalen’) er ein småby i Ma'an guvernement sør i Jordan og aust for Petra.

Wadi Mousa
وادي موسى, Mosesdalen
by
Wadi Musa
Land  Jordan
Guvernement Ma'an guvernement
Høgd 850 moh.
Koordinatar 30°19′12″N 35°28′43″E / 30.32000°N 35.47861°E / 30.32000; 35.47861
Folketal 26 100  (2009)[1]
Tidssone GMT +2
Retningsnummer +(962)3
Kart
Wadi Musa
30°19′12″N 35°28′42″E / 30.32°N 35.4784°E / 30.32; 35.4784
Wikimedia Commons: Wadi Musa

Han er byen som ligg nærast den historiske oldtidsbyen Petra og har mange hotell og restaurantar for å huse turistane som vitjar denne staden. Kring to kilometer frå byen ligg ein beduinbusetnad.

I 2009 hadde Wadi Musa kring 26 100 innbyggjarar.

Namnet endre

Wadi Musa tyder ‘Mosesdalen’ på arabisk. Det vert sagt at profeten Moses passerte gjennom dalen og slo vatn frå ei klippe ved Ain Musa (Moseskjelda).[2] Nabatearane bygde kanalar som førte vatn frå denne kjelda til byen Petra. Wadi Musa vart òg kalla «Vaktaren av Petra». «Arongrava», som vert sagt å vere gravstaden til Aron, bror til Moses, ligg i nærleiken på Jebal Hor.

Økonomi endre

Byen ligg kring 250 km frå Amman, hovudstaden i Jordan, og 100 km nord for hamnebyen Akaba. Med meir enn 50 hotell og mange restaurantar, er hovudnæringa turisme.

Galleri endre

Kjelder endre